Kristine Tofte: Song for Eirabu. Bok 1: Slaget på Vigrid

Psykologen Kristine Tofte kom i 2009 ut med fyrste boka i tobandsverket Song for Eirabu.

Song for Eirabu skildrar ei verd inspirert av norrøn mytologi og det sykliske verdsbiletet, der verder går under og nye kjem til. Boka opnar med at volva Áma vaknar, etter snart tusen års svevn i myra, og ser at det ragnaroket ho hadde spådd, ikkje hadde kome. Ho dreg difor mot menneskefolka, for å «vekke ein lengt etter makt og finne krefter som kunne brukast til hennar vilje»:

Dei yngre gudane skulle ikkje få halde lagnaden frå meir. Om dei trudde seg størst og mest skinande, skulle dei få sanne seg unge og ynkelege. No ville volva sjølv finne Den eldste. No ville ho sjølv gjere ord til røynd og verda til ende.

Hovudpersonane i boka er systrene Ragna og Berghitte. Dei er oppvaksne på Saksetunet, med ein mannevond smed til far, og med ei tafatt mor som er lite meir enn ein skugge. Systrene har alltid visst at dei ein dag skal verta henta til noko anna, men dei veit lite om kor store roller dei til sist skal koma til å spela i songen for Eirabu.

Det som gjer boka til Tofte ekstra god, er måten ho får til å sameina det mytologiske og storpolitiske med skildringar som skaper levande, heile og truverdige menneske. Det er ikkje «dei gode» mot «dei vonde», men samansette menneske, rivne mellom lagnadstru og storpolitikk, som freistar finna den rette vegen for seg og sine.