Hilde Myklebust: Jon og den lange julenatta

JonogdenlangejulenattaIllustrert av Inger Lise Belsvik.

– Tusen tindrande takk til den fine familien min som har gjort det muleg for meg å skrive denne boka, skriv Hilde Myklebust heilt til slutt, når forteljinga om Jon og den lange julenatta er ferdig. – Denne boka ligg så nær hjartet mitt at ho nesten ER hjartet mitt! seier ho. Og historia kryp inn hjartet til lesaren òg. Med god julestemning og varm juleglede. Til små og store. Ei familiebok.

Jon ventar. På julekvelden så klart, men mest av alt på følet som snart skal kome. Hoppa Tyra står føltung i stallen, ho har store auge og stor mage. Skjelv litt og trakkar med hovane. Jon skjønar at det kjem til å skje i dag.

«På veg attende til huset merka ikkje Jon snøen. Det var som om ikkje noko anna fanst enn tanken på det som skulle hende. Han sprang. Trampa opp trappa, kasta seg inn døra og ropte: – Det kjem i dag! Følet kjem i dag! Mor og far sleppte det dei hadde i hendene. Ei julekule singla mot golvet, Jon stod i gangen. Kvit av snø, raud av glede.»

– Eg har vore med på føling sjølv, fortel Hilde Myklebust. Eg hadde lyst å formidle den fantastiske opplevinga det er. Så det er på ein måte ei sann historie. Då hesten min, Tindra, vart fødd, var det ei stjerne som tindra om natta slik som i forteljinga i boka. Men det var i mai. Det er jo helst på den tida hestane får føl, ler ho. – Det er utruleg kjekt å merke kor godt ungane tek imot historia. Heilt ned i toårsalderen. Det imponerer meg faktisk. Det er jo ei langsam forteljing. Eg trur roa og freden gjer ungane godt. Det har vore viktig for meg å formidle ei slik stemning.

– Mange vaksne fortel kor godt det er å dele forteljinga med ungane sine, og eldre lesarar seier boka har fått dei til å minnast si eiga barndoms jul. Eg trur historia er tidlaus og at ho kan passe for alle i familien, gjerne i lag, seier forfattaren. Nærleik til dyr og natur er ei kjelde til mange historier for meg og eg vil gjerne skrive meir for born, avsluttar ho.

Dei fargesterke og varme illustrasjonane til Inger Lise Belsvik samhandlar godt med historia. – Eg prøver å finne eit rom mellom meddikting og tolking, seier ho om rolla som illustratør.

No er det berre nokre få dagar att. Den gode jula ventar. Tusen tindrande takk til Hilde Myklebust for å vise oss vegen til stallen og stjernene på nytt.