Astrid Grønsnes: Raude, ville geiter

Illustrert av Stina Langlo Ørdal

Boka Raude, ville geiter er ei biletbok som passar for barn i barnehagen. Boka er skriven av Astrid Grønsnes, og bileta er det Stina Langlo Ørdal som har skapt. Vi møter Inga og Alma som er på besøk hjå bestemor, Besta. Her er det fyr i vedomnen, og ei relativt ung Besta sit i ein moderne turkis godstol. Med raud naglelakk på tærne og stilige briller, er ikkje Besta heilt tradisjonell, men strikkar gjer ho, som forventa av ei bestemor. Inga og Alma ligg på golvet og leikar med garnnysta. Det er ein typisk kvardagssituasjon med andre ord, og det er duka for ei skildring av den klassiske inneleiken, du veit denne leiken som liksom kjem i gang ut av ingenting, gjerne i ei bestemorsstove når ein er tre-fire-fem år slik som Inga og Alma.

Leiken til Inga og Alma startar når dei finn ut at garnnysta til Besta er sauer, men at det midt i den multifarga saueflokken er ei lita geit. Ei vill, raud geit er det faktisk, og når geita bestemmer seg for å stikke av, må sjølvsagt Inga og Alma følgje etter …

Besta har forsvunne inn i sine eigne tankar og visjonar om alt det flotte ho skal strikke, og når ho kjem til seg sjølv att, er Inga og Alma borte. Besta må følgje den raude ulltråden som indikerer reiseruta til den ville geita, og jakta går gjennom rom etter rom. Alma, Inga og geita har mellom anna vore inne på badet og kjøkkenet, og medan teksten skildrar Besta si leiting, skildrar bileta kva Alma og Inga har leika med på vegen. På badet vitnar sminkesaker på golvet om ein viss «ulovleg» aktivitet, og på kjøkkenet er krukka med småkaker open, og ein ser smular på benken. Når Besta finn dei to frøknene i stova, er dei strålande fornøgde og nysminka. Men som bestemødrer flest blir ikkje Besta sint. Ho spør dei om kvar dei har vore, og får følgjande svar:

  • Vi har leita etter ei raud villgeit, svarar Inga.
  • Vi har gått over mange fjell, og vi måtte vassa i ei elv.

Besta forstår, og ved å akseptere forklaringa er ho med på leiken, inkludert av dei to barnebarna.

Når ein les boka som vaksen, legg ein merke til at Bestas jakt på «dei tre ville geitene» samstundes blir ei reise gjennom preposisjonane i språket. Vi ser det tydeleg i dette dømet der Besta kjem inn i yttergangen: «Besta skundar seg etter den raude tråden. Han buktar seg som ei elv gjennom gangen, mellom sko, over sko, og under sko.» Slike formuleringar finn vi mange av, for tråden har vikla seg inn i både dokostar og tøflar, og går under ei seng og framfor eit kjøleskap, for å nemne noko.

Faren med slike pedagogiske grep kan vere at dei går utover dei kvalitetane boka har som forteljing, som litteratur, men i denne boka klarer forfattar og illustratør å balansere dette, synest eg. Resultatet er ei fin og fabulerande bok, der bileta er med på både å fortelje historia og å gi liv til personar og miljø. Boka opnar for ei fin leseoppleving, der barna kan få vere medskapande ved å tolke bileta og den forteljinga som ligg i dei. I tillegg kan boka sjølvsagt brukast i samband med språkstimulering, og vil då vere spesielt god for å lære preposisjonar.

Boka passar for barn frå treårsalderen, med eller utan behov for å øve på preposisjonar, og ho passar sjølvsagt godt for alle bestemødrer, med eller utan naglelakk på tærne.

Utdrag frå boka: