Ole Røsholdt: Tjuvar, drapsmenn, bønder og kongar

Illustrasjon: Trond Bredesen

– Hallstein er seksten vintrar, nett som Geirmund. Han er svarthåra som faren, men auga hans ser rett på deg. Eigentleg er han ein kraftkar, Hallstein. Breiskuldra og senet. Sjølvsagt er han berre ein simpel træl. Men – eg skammar meg nesten over å seie det høgt – eg har alltid likt han.

Året er 995. Arne er 13 år og yngstebror på ein odelsgard i Sogn. Det er vikingtid. Øks og kniv sit laust. Hemn og ære er viktige drivkrefter. På 900-talet var lovene enno ikkje nedskrivne. Tingmennene måtte ha lova i minnet og seie henne fram. Denne sommaren får Arne følgje far sin til Gulatinget.

Historia er skriven slik at situasjonane illustrerer lovtekstar som kjem til slutt i kvart kapittel. Venskapen mellom Arne og Hallstein er eit sentralt motiv. Trælen lyt ta skulda for eit tjuveri, og lova seier kva straffa skal vere: «Stel ein træl som er fødd her i landet, då skal ein slå hovudet av han. I fall ein utanlandsk træl stel, eller søner av utanlandske trælar, då skal ein slå huda av han, eller herren hans skal piska han før det er gått fem dagar.» Gulatingslova 259.

Gulatingslova vart grunnlaget for landslova. Magnus Lagabøte fekk tilnamnet sitt fordi han «bøtte» på lovene. I 1274 fekk han ferdig ei lovbok som galdt for heile landet. Den byggjer særleg på lovene frå Gulatinget. I ein faktadel bakarst i boka finn ein heile 17 sider med spennande fagstoff som dette.

Boka er altså ei fagbok om Gulatinget på same tid som ho gjev lesaren ei fengjande forteljing full av handling: forelsking, overfall, drap, avstraffing, tingferd, vitning og kongeval. På heimesidene til forlaget, www.mangschou.no, kan ein laste ned ei lærarrettleiing med framlegg til arbeidsoppgåver, bakgrunnsstoff og læreplanmål.

Samfunnet er i stor utvikling, kristninga tek til og rettsstaten ligg i støypeskeia. Likevel er det kanskje den personlege utviklinga Arne går gjennom for å verne om venskapen med Hallstein, som gjer sterkast inntrykk. Mykje er annleis, det viktigaste er likt. Sigrid Undset uttrykkjer dette så vakkert og klokt i romanen Jenny:

… sed og skikk forandres meget, alt som tidene lider, og menneskenes tro forandres og de tenker anderledes om mange ting. Men menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager.