Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Ingelin Røssland: Englefjes og Englejakt

Det Norske Samlaget

Fleire forskarar, blant anna Nina Méd, viste på starten av 2000-talet at det var langt mellom dei handlekraftige jentene i norsk barne- og ungdomslitteratur. Heltinnene var med andre ord etterspurd mangelvare. I 2008 svara Ingelin Røssland med å setje Engel Winge på mopeden og la ho suse inn i den nynorske bokheimen.
Med bøkene Englefjes og Englejakt (2009) har Røssland gitt norsk ungdom ei storkjefta og dumdristig heltinne som stikk nasen sin i andre sine saker både seint og tidleg. Engel Winge er sommarvikar i bladet Tysnes, men ho nøyer seg ikkje med å skrive om det lokale fotballaget eller lage koselege sommarintervju, ho vil drive med gravande journalistikk. Det er sjølvsagt ikkje alt ho grev fram som folk vil ha på trykk, og ho risikerer både liv og helse i begge bøker, men Engel let seg ikkje skremme.

– Er det ein pistol eg kjenner i nakken? spør eg.
– Ja, seier han, og eg høyrer eit klikk. – Og no er det ein usikra pistol du har i nakken.
– Kjekt for meg, det, seier eg.

Ingelin Røssland har sjølv arbeidd som journalist i lokalavis og i NRK, og ho har mange ungdomsbøker på samvitet. Dei tidlegare bøkene hennar har nok vore spennande og humoristiske dei òg, men med den snart avslutta trilogien om Engel har ho verkeleg gått inn for å underhalde. Her får vi hard språkbruk, ville scener og enkle konfliktliner. Samstundes må det seiast at bøkene på ingen måte er eindimensjonale, og dei har dessutan ein klar politisk brodd – både pengegriske kapitalistar og svinske mannssjåvinistar får gjennomgå.

I Englefjes er plottet knytt til politisk korrupsjon i små lokalsamfunn, miljøvern, og etter kvart også til pornoringar og menneskehandel. Engel vil konfrontere den lokale rikingen med dei ulovlege nausta hans, og det blir snart klart at både riking, redaktør og Frp-ordførar skjuler både det eine og det andre. Englejakt tar opp eit par lause trådar frå førre boka, og handlinga denne gongen byrjar med ei synsk dame, men fører vidare til fleire mystisk forsvinningar, narkotikahandel og religiøse overgrep.

Begge dei to bøkene er sidevendarar, og dermed godt eigna for bokslukarar så vel som ein utrena lesar. Bok nummer to er likevel meir forrykande enn den første. No kjem den tredje og siste boka om Engel til hausten, og kanskje vil spenninga nå nye høgder? Vi gler oss!

Fleire boktips

krim
ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12