Max Velthuijs: Frosken og fuglesongen

Omsett av Ragnar Hovland, Det Norske Samlaget

Max Velthuijs var Nederlands mest kjende barnebokforfattar og illustratør. Han skapte over tjue biletbøker om den storøygde og livsglade Frosken, og av dei er femten omsette til nynorsk. Kikker, som han heiter originalt, var først ein bifigur i ein annan bokserie, men med Den forelska frosken blei han hovudperson, og har vore det sidan. Alle bøkene fortel om eksistensielle spørsmål, om kjærleik, død, vennskap, verdiar og kjensler. Dei er enkle i både tekst og bilete, men opnar opp for viktige samtalar og tankar. I Frosken og fuglesongen handlar det om sorga i møte med døden, i kontrast til gleda over livet.

Frosken og fuglesongen er eit glitrande døme på korleis ein kan ta opp komplekse spørsmål på eit lettfatteleg vis, og samanstillinga av sorg og glede er original. I dei mange barnebøkene om døden er det ikkje ofte at gleda over livet blir det viktigaste, men slik er det her. Frosken og vennene trur først at fuglen dei har funne berre søv, og dei blir leie og høgtidelege når Haren forklarar at han er død. Den vesle gravferda deira er alvorstung nok, men plutseleg skifter humøret til Frosken. Døden har fått han til å innsjå kor vedunderleg livet er, og han får med seg dei andre i leiken. «Vi leikar sisten,» ropar han oppglødd. «Gris, du har den!» Boka avsluttar med at ein ny fugl syng frå treet.

Max Velthuijs døydde i 2005, men bøkene hans lever vidare.