Marit Eikemo: Arbeid pågår

roman

ISBN: 9788252177558

Utgjevar: Det Norske Samlaget

Harald Strand har pakka koffert og laptop og reist til Costa Blanca for å fullføre doktoravhandlinga si om Henrik Ibsens drama. Men livet i spansk suburbia gjer han meir rastlaus enn produktiv, og borte ved bassengkanten ligg Alice, distraksjon nummer ein. Dette er ein roman om eit samfunn i økonomisk vekst og moralsk forfall. Det handlar også om einsemd, sorg og begjær – og den kollektive lengsel etter ein plass i sola.