Marita Liabø: Jenny blir knallhard

Det er sommar og ingenting skjer. Jenny er lei av paradis. Ho har heller lyst til å lure seg ned til den livsfarlege elva i den mørke skogen som berre galningar går inn i.

Dette har ho absolutt ikkje lov til, men då ho får sjå at ein rar gut og ein tøff hund tør å gå inn i skogen, gjer ho seg knallhard: Ho følgjer etter dei. Det burde ho kanskje ikkje ha gjort?

Illustrert av Eivind Gulliksen.

Utdrag frå boka