Kari Stai: Blodrik og Blodfabrikken

– Vi manglar noko, det må vi lage, vi kan gjere det sånn! Ungar er herleg offensive når det er noko dei treng som dei ikkje har, smiler Kari Stai. Skaparkraft og oppfinnarevne er tema i den nye boka hennar, Blodrik og Blodfabrikken. Blodrik er proppfull av blodtypen Rhesus Eksplosiv! Heldigvis har han den tørste myggen Myggen som venn.

Av blodet til Blodrik kan dei nede på blodfabrikken lage alt mogleg som er veldig raudt. Julepynt og neglelakk. Og jukseblod! Ein dag står triste Vanda i døra og lurer på om dei kan lage eit nytt hjarte til hunden hennar, som ho saknar så grueleg. Det kan dei! Men korleis skal dei få hjartet opp til skyene, der hunden er? Dei lagar ein plan.

Bøkene til Kari Stai opnar for filosofiske samtalar der ein kan undre seg saman med borna. – Eg brukar ikkje ord som «livet» og «døden», seier ho. – Men forteljinga om Blodrik og Blodfabrikken er vertikal, ho strekkjer seg mot skyene. I den første boka mi, den om Jakob og Neikob, er handlinga meir horisontal og jordisk, dei held seg på bakken, fer ut i verda, og heim att, fortel ho vidare.

– Dersom du seier ja til alt endar du opp i magen på ei krokodille, seier Kari Stai lurt. – Temaet er nok rett og slett grensesetjing. Dette er ei dagleg utfordring for oss som vaksne, men vi må ikkje gløyme å lære ungane å setje grenser kring seg sjølve, avsluttar forfattaren.
Boka om Jakob og Neikob har fått mange utmerkingar og ligg på utlånstoppen i barnehyllene på biblioteket. Blodrik og Blodfabrikken er ein flott oppfylgjar, litt opnare og med rom for meir meddikting. Planen går nemleg ikkje heilt som han skal. Den går eigentleg mykje betre:

«Morgonen etter kjenner Vanda at noko er annleis. Dei vaksne gjev ungane varme vaffelhjerte til frukost, og sprutar chiliketsjup tur-retur på pølsene. Butikkane sel blodsukker og anna søtt til halv pris. Alle har lakka neglene sine raude og det daude treet bognar av solmodne blodappelsinar. Byen er varm og glad!»