Camilla Lundsten: Endelig fest!

Tekst og illustrasjon: Camilla Lundsten
Det Norske Samlaget

Bøkene om Veslefanten er utradisjonelle peikebøker. Det er nok av bilete å peike på og snakke om, og bøkene fortel om kvardagslege situasjonar i eit småbarnsliv, men til forskjell frå andre bøker i sjangeren får vi også gjenkjennelege hovudpersonar og ei lita forteljing i kvar bok. Illustrasjonane har ein særeigen og fargesterk retrostil, og dei blandar teikneserie- og peikebokestetikk.

Forfattaren Camilla Lundsten (1972) er svensk illustratør og designar, og ho har fått mykje merksemd for sin nye design av Brios klassiske leiketøy. Ho designar med andre ord ikkje berre på papiret, men også i tredimensjonale former, og Veslefanten kjem både som puslespel og kosedyr. Sjølve bøkene er heller ikkje tilfeldig utforma. Dei er små og kvadratiske, og i robust kartong med glatte flater. Slik blir dei lette å handtere for små fingrar, og vanskelege å øydeleggje eller grise til.

Dei tre viktigaste personane i desse bøkene er Veslefanten, Kanina og Makkus. Når ein har lese alle dei fire bøkene, byrjar ein å kjenne dei tre vennene att. Veslefanten er den som finn på mest av tull og tøys, Kanina er den ansvarlege som passar på dei andre, medan Makkus er litt forsiktig og redd av seg. Dette er synt både gjennom korleis dei er teikna og i kva dei gjer, men lite i teksten.

Det skjer som oftast mest i bileta, og ein kan snakke mykje om det ein ser. Berre av og til fortel teksten noko som bileta ikkje kan forklare aleine. Som i Endeleg fest! når Veslefanten feirar treårsdagen sin og vi ser han med snabelen ned i glaset: «Etter kake-etinga er det saft å få. Alle utanom Veslefanten får sugerør, han treng ikkje slikt.»

Lundsten sine peikebøker er annleis fordi dei gir målgruppa si akkurat det dei treng, og litt til.