Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Cory Doctorow: Veslebror ser deg

Omsett av Øystein Vidnes

Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka (s. 5–11)

Blir datalagringsdirektivet innført vil dei fleste norske borgarar vere moglege å spore døgnet rundt. Stortinget skal i haust ta stilling til innføringa av direktivet. Veslebror ser deg kunne gjerne vore ein del av sakspapira. «Ein underhaldande thriller og gjennomtenkt polemikk om borgarrettar i internett-tidsalderen! Herleg lesnad.» (New York Times)

I forordet til romanen skriv forfattararen, canadiske Cory Doctorow:

We live in a world were we could be photographed, tracked and logged hundreds of times a day by any tin-pot dictator, cop, bureaucrat and shop-keeper. A world where any measure, including torture, could be justified by waving our hands and shouting “Terrorism! 9/11! Terrorism!” until all dissent fell silent.


Cory Doctorow er bloggar, spaltist i the Guardian og er rekna som ein av dei fremste tenkarane innan ny teknologi. Denne boka er den fjerde romanen hans, og den første som kjem ut i Noreg. Boka gjekk rett til topps på New York times si bestseljarliste då ho kom ut i USA i 2007. Temaet er høgst aktuelt, og ungdomsromanen vil vere svært relevant lesing for alle som nyt godt av demokratiske rettar som ytringsfridom og personvern. Veslebror ser deg er ei forteljing om den nære framtida vår, om kva det vil seie å leve i informasjonssamfunnet. Full fridom eller total kontroll? Ikkje berre statleg overvaking kan tematiserast med utgangspunkt i denne romanen. Like aktuelt er det å drøfte konsekvensane av at halve nasjonen gjev kommersielle aktørar som Facebook og Twitter rettane til omfattande personleg informasjon. At boka i tillegg er umogleg å leggje frå seg er ein bonus. Det er lenge sidan sist eg las ei heil natt til endes …

«Boken er bra skrevet, med en veldig overbevisende handling. Den har mange gode skildringer, og er en av de beste bøkene jeg har lest. Den falt i smak allerede fra første side, og jeg både håper og tror at den vi gjøre det for de fleste andre,» skreiv Simen Kalbakk Bøhler på nrk.no i samband med Operasjon Dagsverk.

Boka er omsett til eit energisk og drivande godt nynorsk av Øystein Vidnes.

Fleire boktips

ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12
9–12