Arnfinn Kolerud: Jakta på Andy Anderssons Eftf.

Illustrert av Per Ragnar Møkleby.

Nokon har skrive eit stort, raudt ord på den kvite husveggen til Rikke. IDIOT, står det. Det kunne ha vore verre, seier mor. Det kunne ha vore eit ord på P. – Eller K, seier far. – Eller F. – Eller S. – Eller H. – Å? seier Rikke. – Nei, seier mor. – Ikkje Å.

Komet-serien, lettlesen-satsinga til Samlaget, vert supplert med heile fem nye titlar denne hausten. Arnfinn Kolerud har skrive Jakta på Andy Anderssons Eftf. – Er det ei kriminalforteljing, lurer eg på. – Nei, det er vel ikkje nokon som har gjort noko straffbart akkurat, ler forfattaren. Opprulling, omvegar, lause trådar og heilt overraskande slutt er det i alle fall. Ei spennande forteljing i ein tekst full av språkleik, slikt som Kolerud alltid morar lesaren med. Denne eigenskapen får ekstra verdi når lesaren kanskje ikkje er så glad i bokstavar og ord frå før.

Boka har fått ei grøn stjerne, som betyr at ho skal passe best for dei mellom åtte og ti år. Den avgrensinga er nok for stram. Det er ingen ting i vegen for å la noko eldre lesarar kose seg med denne teksten.

– Ideen fekk eg for mange år sidan. At nokon hadde skrive eit stort, stygt ord på huset til ei jente. Men eg kom ikkje lenger med historia. Ikkje før eg fekk utfordringa om å skrive ei lettlesen bok. – Då skreiv eg første halvdelen av historia på ei veke, fortel Kolerud. – Men slutten kom faktisk overraskande på meg også, seier han lurt.

Boka har korte setningar og replikkar, lite tekst på kvar side, og det er tett mellom illustrasjonane. Innanfor dei stramme rammene tryllar Kolerud fram poetiske og fine formuleringar som denne:

Læraren skriv kvite ord på tavla. Så peiker han på orda og seier dei. Elevane skriv orda i skriveboka og seier dei høgt. Etterpå vaskar læraren tavla. Alle orda får plass i svampen. Læraren skyl og vrir orda ut av svampen, ned i vasken og ut i fjorden. Orda skal berre feste seg i hovuda deira.

Fleire nye, gode komet-utgjevingar:

Gul komet, 6–8 år

  • Eivor Vindenes: Den hemmelege vegen til månen
  • Kristoffer Karlsen: Marie i kattepine

Oransje komet: 10–12 år

  • Liv Oddrunn Larsen: Hjartekrigen
  • Signe Olaug Pedersen: Sprett i håret – sug i magen