Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Jan Roar Leikvoll: Fiolinane

Jan Roar Leikvolls Fiolinane er ein svært god, poetisk roman som granskar yttergrensene av kva det vil seie å vere eit menneske. Men boka er så sterk kost at ho ikkje bør nytast som tilbehør til kveldsmaten.

Leikvoll har skrive ein dvelande, eksistensiell roman som fortel historia til ein gut som er i ferd med å bli mann. Men dette er ingen vanleg oppvekstsroman. Leikvoll har plassert ei apokalyptisk hending i eit univers som ikkje liknar grisen: Menneska som me møter, er i praksis innestengde på ei gigantisk søppelfylling dei ikkje ser enden av, og der Darwins maksime om «den sterkaste sin rett» blir spelt ut i groteske, brutalt valdelege former.

Her lever tusenvis av menneske nærast som dyr i ein sandstorm. Dei bur i provisoriske skur og er organiserte i flokkar. Dei er skitne, svoltne, sjuke og utildekte – og sola gir brennmerke frå klar himmel. Kvar har verda, slik me kjenner ho, blitt av? Eller er det slik at me i røynda ikkje kjenner ho så godt som me trur?

Den unge guten kjenner seg annleis og aleine i dette meiningslause «livet» på fyllinga, men han, som alle andre som bur der, har aldri opplevd noko anna. Han spør seg: Kva er på utsida av fyllinga? Heile familien hans held på å gå til grunne som følgje av noko som truleg er eit svært smittsamt virus som gjer systrene hans, som han er så glad i, dødssjuke. Kanskje det er på grunn av den smittsame sjukdomen at alle desse menneska er stua saman på denne fyllinga frå byrjinga av? Det får me aldri svaret på, men ved eitt høve flyg det eit fly over fyllinga og slepper ned kasser med naudrasjonar og medisinar som berre dei sterkaste individa klarer å kare til seg.

I dette dystopiske fiksjonsuniverset, der drap og valdtekt er normale og uproblematiserte aspekt ved den menneskelege eksistensen, er det den fiolinspelande bestefaren som utgjer eit halmstrå av håp. Han er den som har rolla til filosofen i historia, og er den som guten likar best å snakke med og høyre tonane til. Tonane frå den gamle fiolinen vert det einaste som lindrar.

Når systrene vert sjuke, og faren tek kyniske grep om familiestrukturen, legg den stadig meir skrale guten ut på ei slitsam vandring mot ein åskam i det fjerne. Vil han sjå noko frå toppen, anna enn klaustrofobiske og endelause sletter av stinkande meiningsløyse?

Fiolinane er ei fantastisk gripande bok som høver godt til elevar på det vidaregåande trinnet. Ho er nominert til Ungdommens kritikarpris for 2010.

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker