Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Inger Lise Belsvik: Spring, hesten, spring!

Med boka Spring, hesten, spring! debuterer den erfarne illustratøren Inger Lise Belsvik som biletbokskapar, og ho har skapt ei bok som er poetisk både i tekst og bilete. Stemninga i boka er underleg og fantasifull, og for den vaksne lesaren er det nærliggjande å tolke forteljinga som ei reise i draumars land: Ein liten gut følgjer med den store, brune hesten, og saman rir dei gjennom morgonsol og nattemørker, gjennom lavaeld og fossande vatn. Det er noko dei skal, reisa har eit mål, men guten veit ikkje kva det er.

Forteljinga byrjar med følgjande setningar: «Noko mjukt stryk meg på kinnet. Eg opnar auga og eit brunt blikk møter mitt. Store, brune hesten! Kva er det du vil?» Det at guten opnar auga, tyder på at han har dei lukka før hesten kjem, og vi kan tenkje oss at han drøymer at han vaknar. Denne tolkinga blir støtta av biletet, som viser ein gut i blå pyjamas som ser inn i eit djupt, brunt hesteblikk. Det er guten og hesten som er i fokus, men i bakgrunnen ser vi eit draumeaktig univers: Eit gult tre står nesten vektlaust i eit blått og grønt landskap, og vi ser ei huske som heng frå ei grein, to harepusar som hoppar mot høgre, og to ballongar som flyg mot himmelen. Det kan sjå ut som om den vesle guten har leika her, i draumen sin, før hesten kjem og vil ha han med.

Det er ei reise som følgjer draumens logikk både i tekst og bilete. Den vesle guten veit ikkje kvar han skal, kvifor hesten vil ha han med, men han skjønar at det er viktig, og ei slik kjensle kan vi alle kjenne igjen i draumen. Vi lar draumen ta oss med, vi har ikkje noko val. Men i draumar kan fenomen framstå annleis enn i den vante verda. Eit døme på dette er når den vesle guten og den store, brune hesten møter «sintefossen». I møte med det buldrande vatnet blir guten redd og skrik, men «sintefossen sluker det vesle pipet mitt i sitt eige brøl». Dei blir kasta utfor fossen, og guten trur at dei kjem til å drukne, noko som jo er det mest sannsynlege i den verkelege verda. Men slik går det ikkje, for på neste oppslag er den dramatiske stemninga borte. No ser vi guten og hesten i fri flyt i det lyseblå vatnet, og teksten forklarer: «Men med eitt er det ei blå, våt og still verd rundt oss. Store, brune hesten, la oss symje som delfinar, stupe kråke, rulle rundt.» Vegen frå fare til fryd er så kort som den berre kan vere i draumars land.

Det viser seg å vere ein grunn til at hesten har teke guten med, og denne grunnen treng vi ikkje røpe her. Men ein får vite at guten har handla klokt undervegs, for dei tre tinga han har samla på vegen, vatn, blomar og ein lavastein, er det som skal til for å redde situasjonen. Her er assosiasjonane til eventyra nærliggjande, og den vesle guten får, som Oskeladden, status som helten i forteljinga.

Når guten forlèt hesten og forteljinga sluttar, går han sin veg med ei stjerne i håret, og pyjamasen som har skifta farge fleire gongar undervegs, er no raud. I bakgrunnen på det siste biletet, ser vi ei sol stå opp bak eit grønt fjell i eit rosa landskap, og vi tenkjer oss at guten er i ferd med å vakne frå draumen. Dei siste orda er desse: «Så går eg. Når eg snur meg, er hestane borte.» Guten ser litt trist ut, trass i det gode utfallet reisa med hesten har hatt, og eg tenkjer meg at det er kjensla av å vakne frå den gode, levande og spennande draumen som her kjem til uttrykk. Alle har vi opplevd dette å vakne og erkjenne at opplevinga som vi nett var inne i berre var ein draum, og alle har vi vel hatt lyst til at draumen skulle vere sann, eller at vi i det minste kunne få vere  i den ei lita stund til.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

3–6
Frost
3–6
3–6
3–6