Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Vegard Markhus: Timothy mister seg sjølv

I Timothy mister seg sjølv møter vi ein middelaldrande mann i krise. Timothy er rett og slett i ferd med å miste seg sjølv, reint bokstaveleg. Først mister han ei tann, så ei tå, så ein arm – til sist er det berre hovudet igjen. «Timothy er lei seg, men han er glad for at han ikkje har mista hovudet. Han triller ut i garasjen og henter lim. No skal han ordne opp.» Det er dette siste – korleis Timothy fiksar det uvanlege problemet sitt – boka handlar mest om. Eg kan røpe at alt ikkje blir heilt som før, trass i at Timothy sjølv trur at alt er ved det gamle.

Vegard Markhus debuterte i 2008 med biletboka Redd. Timothy mister seg sjølv er bok nummer to. I illustrasjonane sine kombinerer Markhus collageteknikk med ein naivistisk strek, og der debutboka var dominert av collage, er denne nye boka prega av enkle strekteikningar. Begge dei to tekstane hans baserer seg på ein konkret-absurd ordleik og på personifisering av alt frå hus til vêrfenomen.

Det er med andre ord ikkje første gongen Markhus skapar eit surrealistisk univers. Redd inneheldt både levande skog og flygande kyr for å illustrere ein irrasjonell og barnleg angst. Likevel var ein aldri i tvil om at tekst og bilete var retta mot ei yngre målgruppe. Timothy mister seg sjølv kan derimot ha fleire adressatar.

Lesarar rundt skulestartalder vil nok ha mykje moro med Timothy, denne rare fyren med hentesveis og helsetrøye, som først fell frå kvarandre og etterpå skal lime seg sjølv saman med superlim. For denne målgruppa blir boka morosam fordi handlinga er så heilt umuleg, og høgtlesaren kan gi dei ei innføring i rare uttrykk som «å miste seg sjølv» eller «å miste hovudet».

Men dette er dessutan ei perfekt bok for ungdomsskuleelevar som skal lære om metaforar og samansette tekstar, og ho kan vere til god trøst for menn i 40-årskrise. Markhus fortel med enkle grep ein fabel om korleis vi menneske, og kanskje spesielt menn i aldring, overvinn forandringar. Les ein denne boka slik, har ho stort tolkingspotensial og mykje spissfindig humor, også for ein vaksen lesar.

Kategoriar

Fleire boktips

3–6
Frost
3–6
3–6
3–6