Alf Kjetil Walgermo: Mitt bankande hjarte

Amanda er snart fjorten år, og forelska i David. Ho merkar at dei har god kontakt, og at han likar henne, noko som er heilt fantastisk sidan han er den mest populære guten på skulen.

Men Amanda kjenner seg av og til slapp og uvel. Og då mensen uteblir vert mora med henne til legen. Først finn han ingenting gale med henne, men seinare finn dei ut at Amanda har hjartefeil, og at ho må få nytt hjarte. Ventetida for transplantasjonen er lang og vanskeleg, både for henne og foreldra. Vil ho få eit nytt hjarte, før det gamle sluttar å slå?

Alf Kjetil Walgermo utforskar hjartemetaforen i romanen, og ser på korleis hjartet kan vere symbol på både kjærleik og forelsking og smerte og sorg.

Romanen er skriven i første person, og dette grepet er viktig for å få eit godt innsyn i korleis Amanda opplever sin eigen sjukdom, som etter kvart gjer henne så svak at ho må sitje i rullestol: «I friminuttet merka eg at mange unngjekk meg. Eller prøvde å late som ingenting. Berre Jenny køyrde meg rundt. No var ho ekstra god å ha. Ei besteveninne som ikkje trekte seg unna.» Amanda opplever at mange på skulen synest at det er spennande med hjartefeil, men etter kvart mister medelevane interessa for henne og dei trekkjer seg unna. Forfattaren får fram at mange er usikre og redde for sjukdom, sjølv om han ikkje er smittsam eller farleg for andre.

Sjukdom og død er eit tema det kan vere vanskeleg å skrive om, men som mange ungdommar er nyfikne på. Walgermo skriv nyansert om temaet, og om korleis Amanda og foreldra vekslar mellom håp og fortviling i møtet med den alvorlege diagnosen. Det er ikkje ein dyster roman, men ein roman som tek tak i eit tema som mange unge også kjenner seg att i. Det er viktig at forfattarar skriv om tema som i utgangspunktet kan vere vanskelege, og finn eit språk og ei forteljarform som er tilpassa ungdom, og det gjer Walgermo. Romanen passar først og fremst for elevar på ungdomsskulen.