Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Verdt å vite om dyras liv

Verdt å vite om dyras liv

Verdt å vite om dyras liv er ei fargerik og spørjande faktabok om dyr. I tillegg til å presentere morosam informasjon og fakta, stimulerer ho til sjølvstendig tenking om viktige samanhengar.

Boka er full av fargerike og fine bilete av dyr, og tek føre seg dei ulike husdyra vi har her til lands, i ein klar og enkelt forståeleg prosa. Ho ei flott kjelde til kunnskap om tradisjonar og dyrehald før og no.

Visste du forresten at det er fleire kyllingar enn menneske i verda, eller at ei ku drikk 150 liter vatn om dagen?

Det ei bok som absolutt høver som ein augneopnar for både barn og vaksne, både om dei store og små tinga.

For tillegg til å vere ei tal- og faktaspekka fagbok om husdyr, fremjar ho også dyreetiske spørsmål. Og det på ein måte som kan bidra til filosofisk refleksjon og fremje empati hos barn kring spørsmålet om korleis ein bør behandle dyr på ein skikkelig måte.

«Synest du hamsterar bør haldast som kjæledyr sidan dei helst vil sove om dagen?» undrast det, i berre eitt av mange kloke spørsmål til lesarane.

I dagens samfunn, der maten vi et ofte er fråkopla dyreindustriens ofte brutale realitetar, er det ikkje mange som tenkjer på at det bak produkt som kjøtdeig, kyllingfilet og grillpølse finst historier om eit levd liv.

At det oftast er borna som kan finne på å peike på slike samanhengar rundt eit middagsbord er det vel ingen tvil om?

Verdt å vite om dyras liv innleiier med eit kapittel om husdyras historie, med fine landbruksbilete, forklaringar av vanskelege ord, slik som til dømes «temja» og «fôr».

Boka deler husdyra inn i kategoriar, alt frå kjæledyr, sportsdyr, produksjonsdyr og ville dyr. På den måten får ein også fram at det vi her i vesten kallar «kjæledyr», er noko ein har på matfatet i andre kulturar!

Det er Rådet for dyretikk som har vore med på å lage boka, og tekstane får fint fram korleis menneske kan tenke ulikt om dyr sin verdi – men heldigvis utan å moralisere:

Dei fleste menneska i Noreg tykkjer det er greit å ha husdyr dersom dyra får leve godt (…). Andre menneske tykkjer det er galt av oss å avliva dyr når det ikkje er nødvendig. Dette er grunnen til at ein del menneske ikkje vil eta kjøt.

Mange vil nok seie seg samde i at dyrevelferd i husdyrshald og dyreindustri er eit viktig, og ofte forbigått tema. Styrken til denne velskrivne vesle boka, som høver til småskulen og mellomtrinnet, er heilt klart at ho stiller opne spørsmål om dyra, i staden for å servere ferdigtygde svar. Slik kan borna både tileigne seg kjekk kunnskap og etisk refleksjonsevne på ei og same tid.

Fleire boktips

6–9
9–12
9–12
9–12