Lars Mæhle: Korea. Noveller om kjærleik

Det Norske Samlaget

Lars Mæhle har skrive barne- og ungdomsbøker sidan 2002. Han debuterte med «Keeper’n til Tunisia», ein ungdomsroman som med stor suksess blei filmatisert i fjor under tittelen «Keeper’n til Liverpool». No har Mæhle skrive si første bok for vaksne, ei novellesamling om kjærleik, men utan at han gløymer ungdommen.

Den namnlause hovudpersonen i opningsforteljinga er berre seksten år, og i den siste novella er det ein russefest som står i sentrum for handlinga. Når Mæhle skildrar vaksne karakterar er deira relasjon og kjærleik til ungane langt viktigare enn den relasjonen dei har til andre vaksne. Boka har likevel eit perspektiv og ein språkleg tone som gjer at dette ikkje er ein ungdomsroman, men snarare ei vaksenbok som også yngre lesarar vil ha glede av.

Det er meir enn kjærleiken som samlar novellene i «Korea». Boka er skriven etter same oppskrifta som Frode Gryttens «Bikubesong». Alle novellene er plasserte i Sunndalsøra, og personane opptrer i kvarandre sine forteljingar. Slik fungerer kvar tekst godt på eiga hand, samstundes som dei refererer til kvarandre. I den siste forteljinga, som er fortalt frå vinden sitt perspektiv, møter vi fleire av dei tidlegare personane igjen, og dei ulike tekstane blir bundne saman i eit felles høgdepunkt.

Nebbvinden i denne siste teksten får taket på Domus til å danse omkring i Sunndalsvegen, og han tek straumen i bygda. Paradoksalt nok er det nettopp på grunn av mørkret at dei ulike personane blir avslørte, for seg sjølv og omverda: «eg er vinden, og menneska der nede, midt i jordføyk og kastevindar, eg vekker til live det beste og det verste i dei, det vonde vil piple opp til overflata, men det vil òg gå motsett veg, det gode vil vekse ut frå mørkets pølar, som eit lite under, ein uventa blomster i ein krans av ugras, og det er først når eg løyar, at vi vil få sjå kven vi verkeleg er,» Mæhle fjernar punktum når vinden har ordet, og slik blir også språket til ein vind som sveipar over boksidene og blottstiller personane i denne siste novella.

«Korea» er nær og overbevisande i si skildring av kjærleiken, om den er av den første, desperate sorten, eller den er retta mot den oppvoksande slekta. Som ung lesar vil det vere muleg både å kjenne seg igjen, og kanskje også oppleve frå den andre sida kor viktige og vanskelege dei unge er i foreldra sine liv.

Lys og mørke er eit gjennomgåande bilete i samlinga, og nok ein tråd mellom dei sju tekstane. Lyset hjelper hovudpersonane med å finne vegen, det avslører dei, og det er ein gneiste av liv. I novella «Gjestane» står Beate og ser på at gatelysa blir tende: «Kvar dag den siste veka har ho fått med seg dette, det første skimmeret i kuplane, det skjelvande lyset, og ho veit ikkje heilt kvifor, men kvar gong lyktene blir tente, tenker ho på augeblikket da Aina blei fødd, det prøvande blikket hennar, den vesle skapningen på brystkassa som ikkje skjøna noko, som berre hadde blitt trykt ut i verda, og det einaste som sto i hovudet til Beate den gongen, var ei setning som kverna seg fast: Ikkje ver redd, eg skal passe på deg.»