Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Rønnaug Kleiva: Vegen heim frå Sarajevo

Med Vegen heim frå Sarajevo har Rønnaug Kleiva skrive ei svært sterk forteljing om ei ung jente sine tankar og strategiar for å stå oppreist etter ei valdtekt.

Kleiva tek lesaren med på ei reise inn i hovudpersonen Susi sitt granatsplintra indre liv etter overgrepet – og til Sarajevo. Det er nemleg hit Susi flyktar dagen etter valdtekta, i ein freistnad på å handtere kjensla av å ha blitt gjort til eit objekt: «Han gjekk rett etter at han kom. Så var eg åleine (…) Eg hugsar ikkje noko frå akkurat då det skjedde. Eg meiner, eg hugsar det saklege, fakta. Men eg hugsar ikkje kva eg følte. Tv-en stod på. Det var eit reality-show.»

Gjennom korttekstar som til saman utgjer ein heilskap, får lesaren innblikk i brotstykke av ein handlingsgang og eit indre liv. Me hoppar fram og tilbake i tid, men boka startar med at Susi har landa i Sarajevo, og det er ei sterk, subjektiv stemme som talar.

Eg vil ikkje snakke om det. Eg har reist til ein annan by, eit anna land. Sette meg på eit fly. Vekk frå alt. Berre nokre få snakkar engelsk her, og eg er ikkje stø i andre framandspråk. Ingen spør meg om noko. Om eg var heime, ville ingen ha spurt meg om noko der heller. Eg har ikkje fortalt det til ei levande sjel.

Slik byrjar forteljinga, og me skjønar snart at det ikkje er tilfeldig at det er Sarajevo ho flyktar til, ein by som på mange måtar liknar hennar eige, post-traumatiske indre. Bygningar med kulehòl, øydelagde hus – ein by som òg har vore kringsett av åtaksmenn. No går ho rundt i gatene, og freistar tenkje konstruktivt: «Folk vart skotne av snikskyttarar og omkom (…) Men dei gav seg ikkje over, dei mista ikkje motet, dei slutta ikkje kjempe.» Som hovudpersonen seier, i ei setning som nok seier like mykje om henne sjølv som om byen ho besøkjer: «Om ein ikkje visste noko om det som har gått føre seg her, kunne ein eigentleg tenkje at det var ein fin by.»

Susi går så over til å snakke om seg sjølv:

Ingen skal bestemme min reaksjon!
Ingen skal bestemme slik over meg!
Ingen skal definere meg!

Eg vil ikkje vere eit offer!

Grepet med å jamføre byen med eit menneske fungerer godt, og boka endar opp med å skrive om også byen og menneska der på ein var måte – som om byen òg var eit einaste stort valdtektsoffer.

Det er ei stillfaren forteljing dette, komponert på ein såpass fragmentert måte at ho minner om granatsplintrar. For Susi forsvinn livet i Noreg lenger og lenger vekk i medvitet, heilt til det er på tide å reise heim. Men korleis er reaksjonane til vener og familie?

Kva tilstandar kjem eg heim til? Eg veit ikkje heilt kva eg går til. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal oppføre meg. Eg veit mest ingen ting, og eg veit det. Uansett må eg heim og ordne opp, (…) kan ikkje berre la alt flyte.

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker