Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Ole Lund Kirkegaard: Gummi-Tarzan

Omsett av Ragnar Hovland

Kva er det du puttar i gryta? spurde Ivan ivrig og sette seg attmed den gamle kona. – Åhh, sa ho. Litt av kvart. – Det er snokefeitt. Det brukar vi hekser alltid. Og så er det eldtorn og froskeegg og musetiss og kattehalar og rumpetroll og juleøl.

Ein dag Ivan Olsen sit nede ved elva og øver seg i å plystre slik som fuglane, kjem ei gammal kone haltande forbi. – Er du ikkje redd for meg? spør den gamle kona. – Eg er ei vaskeekte heks, forstår du.

Men Ivan Olsen er ikkje redd for heksa. Han er redd for buksevatn og naseblod og slikt. Han har dårleg med musklar og kan ikkje denge nokon. Bokstavane i bøkene på skulen myldrar rundt på arket som maurar i ei maurtue. Far hans synest han er ein dott og ein gummi-Tarzan. – Far din er visst ein skikkeleg gammal dott. Men no skal du høyre. Du skal få oppfylt eit ønske! Men, seier heksa, berre for ein dag. Ivan Olsen ønskjer seg eit kjempeønske: At alle ønska hans skal gå i oppfylling!

Forteljinga om Gummi-Tarzan av Ole Lund Kirkegaard kom ut i 1975. Boka har blitt ein klassikar som framleis er elska av lesarane, meir enn tretti år seinare. Kirkegaard vert omtalt som «den mest morosame forfattaren i Norden». Historiene hans er fulle av merkelege påfunn og utrulege hendingar, han skriv om alvorlege emne som til dømes mobbing, med eit særeige skråblikk, muntert og humoristisk. Det finst vel knapt ei artigare bok om mobbing! Likevel er det også ei forteljing å bli klok av.

Ragnar Hovland fekk oppgåva med å omsetje den klassikaren til nynorsk. Hovland har dei siste åra omsett fleire klassikarar for born til nynorsk. Omsetjinga er trufast mot originalen, men heilt norsk i val av ord, uttrykk og idiom. Forfattaren sin kjærleik til det nynorske språket viser seg i teksten, utan at han fell for freistinga til å leggje til eller dikte vidare sjølv. Dei originale illustrasjonane til Ole Lund Kirkegaard er ein integrert del av teksten, gjerne med forklaringar som peikar mot illustrasjonen: «Her får Ivan Olsen buksevatn» eller «Her kan du sjå bokstavane myldre rundt for Ivan Olsen».

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
6–9
Frost
3–6
3–6