Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Kari Stai: Mopp og Mikko elskar dyr

Mopp_og_Mikko_elskar_dyrOpplegg til boka:
Gjer boka levande med konkretar – film om bruk av konkretar. På same sida finn de fleire opplegg og fargeleggingsark til Mopp og Mikko.

Mopp og Mikko er ein bokserie for dei minste barna. Det er Kari Stai, mor til dei kjende barnebokkarakterane Jakob og Neikob, som står bak både tekst og bilete i bøkene, og dei fire første bøkene er no ute på marknaden: Mopp og Mikko elskar ting, Mopp og Mikko elskar dyr, Mopp og Mikko elskar mat og Mopp og Mikko elskar kjøretøy.

Vi ser at alle bøkene har ein tittel som fortel om noko Mopp og Mikko elskar, og bøkene handlar om at dei to venene jaktar på det som dei har så lyst på. Alle bøkene startar likt. Først får vi vite kva Mikko elskar: «Mikko elskar ting/dyr/mat/kjøretøy!» Som respons på dette seier Mopp: «Kom så fer vi på ting-/dyre-/mat-/kjøretøy-jakt!»

Så går ferda ut i verda med eit eigna framkomstmiddel, og Mopp og Mikko sankar inn ulike gjenstandar. På matjakta finn dei graut, ein banan, ei pølse, ein ost, eit brød, eit jordbær, ei vaffelkake, ein is og ein vassmelon, og dei er godt nøgde med fangsten: «Vogna er full, hurra! ljomar Mopp og Mikko.»

Boka om mat endar, som alle bøkene, med eit oppslag der Mopp og Mikko vender seg direkte til barnelesaren. Biletet viser fram ulike matsortar dei ikkje fekk med seg i handlevogna denne gongen, og Mopp og Mikko spør om lesaren kjenner til denne maten. Til slutt får lesaren eit ope spørsmål: «Kva mat liker du?»

Vi ser at bøkene vender seg til barnet som er i ferd med å oppdage språket. Saman med Mopp og Mikko får barnet knyte ord til gjenstandar, og dei får hjelp til å kategorisere orda i overordna kategoriar som mat, kjøretøy, og dyr. Mopp og Mikko kan kunsten å lage underordna kategoriar òg; dei leitar til dømes etter gul mat og lang mat, etter mjuke ting og blå ting, etter kjøretøy som kan flyge og dyr som er stripete og lange. Forteljinga blir såleis ein språkleg modell for dei minste barna som er midt i ordsamlingsfasen.

Den pedagogiske idéen er tydeleg, og vi må jo nesten spørje om det er fare for at det blir keisamt for barna. (Det ligg jo ei slags vrangførestelling i kulturen vår om at læring per definisjon er keisamt, gjer det ikkje?) Slik eg ser det, tek bøkene målgruppa på alvor og møter barna der dei er: i full fart på veg inn i språket. I møte med Mopp og Mikko kan dei oppleve gleda ved å få setje ord på det bileta viser, og dei blir utfordra til å systematisere ord i kategoriar. Når Mopp og Mikko til slutt spør om kva barna sjølve likar, kan dei både ta i bruk ord som boka nett har gitt dei, eller kanskje hente fram andre ord frå sitt eige ordforråd.

Bøkene er gode høgtlesingsbøker for dei aller minste. Dialogen med den vaksne er spesielt viktig når ein les saman med dei minste barna, og sidan desse bøkene legg opp til nett dette, er det bra om ein kan lese bøkene saman med eitt barn eller ei lita gruppe.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

3–6
9–12
0–3
3–6