Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Jim Woodring: Dei samlar seg, dyra

Tenk deg ein surrealistisk draum i eit svart-kvitt-landskap med detaljerte skraveringar. Sleng inn ein søt teikneseriefigur inspirert av animasjonsfilmar frå 1920-talet, og resultatet ville kan henda ha vorte noko liknande av den nye boka til den amerikanske serieskaparen Jim Woodring.

Den norske utgåva av Congress of the Animals har fått tittelen Dei samlar seg, dyra, og ho kjem ut på Jippi forlag. Sjølve forteljinga er heilt ordlaus, men bakpå boka finn me ei samling sitat frå mellom anna I Ching, Salvador Dalí og Jim Woodring sjølv.

Sei farvel til meg no, før denne festen tek slutt. Så skal eg fortelje deg sanninga: At eg aldri vart vand med stjernene. At dyr alltid begeistra meg. Og når eg såg inn i augo dine: Der var du.

– J. W.

Sitata byggjer opp under den kryptiske, drøymande stemninga i boka, der handlinga er like surrealistisk som ho er fascinerande. Me møter hovudpersonen Frank, som etter å ha testa eit krokket-sett som kom ramlande ned frå ein luftballong, opplever at bakken rasar saman og dreg huset hans ned i eit svart hol. Slik går Frank gjennom tallause prøvingar, inkludert eit skremmande møte med andletslause menneske, før forteljinga til slutt ser ut til å enda godt.

Det heile er teikna med ein imponerande stø strek, med nydelege skraveringar i svart-kvitt. Du finn nokre smakebitar på Flickr-sida til Jippi forlag.

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
ungdomsbøker