Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Barnas eigne vitsar

Av Ragnfrid Trohaug og Nana Rise-Lynum (red.)

Du hugsar vel kvifor svenskane har runde hus og kor mange svenskar du treng for å skifte ei lyspære. Og kvifor dei går på do med open dør og har med seg stigar i butikkane. Men veit du kvifor dei har tomme flasker i kjøleskapet? Og kvifor dei bruker øyrevarmarar? Og korleis dei avlivar fiskar?

Barnas eigne vitsar er sende inn av lesarane av Norsk barneblad. Det er svenskevitsar, vampyrvitsar, skulevitsar, mor-og-far-vitsar og mange fleire. Og gåter! Artige og rare, morosame og teite. Lette å lese og lette å lære. Lesarane kan få lyst til å lage sine eigne vitsar, dei vittige poenga kjem når ein leikar med språket og har det moro med ord:

Vesle Ida til mor si: Mor, eg vil ikkje ha fiskestykke med finnar på. Mor: Vil du har svenskar på, då?

Læraren til Olai: Olai, kva veit du om Daudehavet? Olai: Eg visste ikkje at det var sjukt ein gong!

Kva er yndlingsfilmen til kannibalbarna? Rasmus på Loffen.

Det er mange små lesarar som finn plassane sine i klasserommet for første gong desse dagane. Dei skal lære seg å lese og skrive. Her kjem ein vits om vesle Jonas til slutt; han kom heim etter den andre dagen på skulen.

Far: Kvar har du lært i dag? Jonas: Eg har lært å skrive! Sjå på alt dette eg har skrive. Far: Det var flott. Men kva står det der? Jonas: Veit ikkje. Eg har ikkje lært å lese endå.

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
6–9
Frost
3–6
3–6