Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Björk Bjarkadóttir: Kom, la oss lage fest!

Det er vår i Solskinskogen, og dyra i skogen vil feire lyset og varmen med ein fest. Alle dyra må bidra, kvar med sine sterke sider, for å lage i stand til vårfesten. Men lesaren må òg hjelpe til med festførebuingane.

På kvar side blir lesaren trekt inn i forteljinga gjennom eit spørsmål eller ei oppmoding. Først må lesaren hjelpe til med å vekkje dyra frå vinterdvalen, og så går det slag i slag. Lesaren blir mellom anna oppmoda om å massere halsen til ein sjiraff, kysse snabelen til ein elefant som har vore uheldig med hammaren, og rope på frosken som skal stå for musikken på festen.

Det mest markante særtrekket ved denne boka er forteljemåten. Boka krev ein formidlar som kan engasjere barna til å svare på dei mange spørsmåla. Samtidig kan ein seie at boka hjelper formidlaren ved å leggje spørsmåla inn i forteljinga. Det er uansett ei bok som legg opp til at lesaren deltek, ikkje berre lyttar.

Boka har eit lett og lystig tema, utan den store dramatikken. Det kan vere ein fare for at boka blir keisam for dei litt eldre barna, men eg trur ho passar fint i aldersgruppa 2 til 5 år.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

3–6
Frost
3–6
3–6
3–6