Atle Berge: Birk og Barcelona-gjengen & Alle mann i forsvar

Illustrasjon: Henning Lystad
Det Norske Samlaget

Atle Berge debuterer som barne- og ungdomsforfattar med to lettlesne bøker om fotball. Den første boka handlar om Birk, ein islending som akkurat har flytta til Noreg og leitar etter nokon å spele fotball med. Den andre handlar om Leo og om at det ikkje alltid er like lett å vere sonen til trenaren og assistenttrenaren. Barcelona-gjengen heiter fotballaget deira.

Denne bokserien er ikkje den første lettleseserien på nynorsk om fotball. Lars Mæhle har allereie gitt ut sju bøker om Knoterud FK på Cappelen. Mæhle sin serie er humoristisk, og fotballaget hans gjer det ikkje skarpt på bana, sjølv om dei etter kvart har byrja å score eit mål eller to. Berge gir oss dei suverene spelarane, dei som lever og andar for den svarte og kvite lêrkula. Barcelona-gjengen tek fotball seriøst!

Birk må testast i både det eine og det andre før han får passere nålauget, og laget er ikkje nøgde når foreldra til Leo ber dei spele feigt for å vinne. Fotball er ein kunst, og spelereglane handlar ikkje berre om teknikk, men også om ære.

Vi kan som sagt vente oss fleire bøker i serien om Barcelona-gjengen, og alle gutane på laget skal få lov til å vere hovudperson. For sjølv om dei har fotballen til felles, er det jo ulike måtar å vere fotballfanatikar på. Birk ber til Barcelona-spissen Messi, som ein annan gud, kvar gong han skal prestere noko, og Leo brukar fotballen som teddybjørn i senga, medan foreldra hans målar huset sitt i Barcelona-fargane. Kva blir det neste?