Camilla Lundsten: Endelig bæsj!

Det har kome to nye bøker i serien om Veslefanten. Bøkene tek for seg tema som er viktige for dei yngste barna: kunsten å gå på potte, og tankar og kjensler knytte til det å skulle få småsysken. Utforminga av bøkene er lik dei tidlegare bøkene i serien. Dei er fargerike, med klåre fargar, og kvadradisk utforma med tjukke sider som toler å bli lesne av dei minste barna. I boka Endelig bæsj! møter vi hovudpersonen Veslefanten saman med venene Makkus og Kanina, slik vi har gjort i tidlegare bøker.

Endelig bæsj! er rett og slett ei bok om å gå på potte. Og det er inga lita sak for han det gjeld. Veslefanten forklarer venene sine at det handlar om å vente – på tiss og bæsj. Det synest Makkus og Kanina er så artig at dei hyler av latter. Tiss og bæsj er jo artig, i ein viss alder, og forfattaren legg ikkje skjul på nett det. Men det er ikkje berre artig. Kva gjer ein når ein ventar og ventar og det ikkje kjem verken tiss eller bæsj? Det er kjedeleg, sjølvsagt, og stakkar Veslefanten er nær ved å gi opp. Men då kjem det brått ein kjempepromp, og etter promp følgjer bæsj, og alle blir jublande glade. Ein stolt Veslefant kan vaske hendene og sjå Pappafanten skylje prestasjonen ned i do.

Boka kommuniserer godt, gjennom både tekst og bilete, til målgruppa som er dei yngste barna. Bileta viser det teksten fortel, men har i tillegg mange detaljar som ein ikkje får forklaring på og som kan inspirere barna til samtalar om andre tema enn det som er i fokus i teksten, noko som kan vere kjekt både for vaksne og barn. Likevel er det sjølve historia som er mest i fokus i illustrasjonane, og med små verkemiddel blir stemninga i historia forsterka. Døme på dette er at humoren i Endelig bæsj! kjem fram gjennom ei stor snakkeboble med ordet «promp!» og at bæsjen til Veslefanten smiler i potta. Bøkene opnar for samtalar med rom for både skjemt og alvor, latter og undring, og passar fint for dei yngste barna.

Utdrag frå boka: