Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Camilla Lundsten: Endelig småsøsken!

Det har kome to nye bøker i serien om Veslefanten. Bøkene tek for seg tema som er viktige for dei yngste barna: kunsten å gå på potte, og tankar og kjensler knytte til det å skulle få småsysken.
Utforminga av bøkene er lik dei tidlegare bøkene i serien. Dei er fargerike, med klåre fargar, og kvadradisk utforma med tjukke sider som toler å bli lesne av dei minste barna. Boka Endelig småsøsken! handlar om Veslefanten, Mammafanten og Pappafanten som gler seg til å få ein ny fant inn i familien.

Endelig småsøsken! tek for seg ein situasjon som er aktuell for mange barn; å skulle bli storebror eller storesyster. Det startar med at Veslefanten registrerer at Mammafanten har fått så stor mage. «Har du ete for mykje?» spør Veslefanten. Mammafanten forklarer at magen har heilt andre årsaker: Veslefanten skal få småsysken! Dette synest Veslefanten er rart, og han undrar seg over så mangt. Korleis ser babyen ut? Kva gjer han inne i magen? Blir det gut eller jente? Kjem babyen til å vere kjekk å leike med? Kan han spele fotball, kanskje til og med stå i mål? Gleda er stor då babyen endeleg kjem til verda. Det blir ei lita syster, og ho får namnet Minifanten. Ho er søt og svart, og vi skjønar at Veslefanten er stolt og glad. «Snart skal vi sparke fotball i lag», seier han nøgd.

Begge bøkene kommuniserer godt, gjennom både tekst og bilete, til målgruppa som er dei yngste barna. Bileta viser det teksten fortel, men har i tillegg mange detaljar som ein ikkje får forklaring på og som kan inspirere barna til samtalar om andre tema enn det som er i fokus i teksten, noko som kan vere kjekt både for vaksne og barn. Likevel er det sjølve historia som er mest i fokus i illustrasjonane, og med små verkemiddel blir stemninga i historia forsterka. I boka Endelig Småsøsken! er stemninga roleg, fylt av undring og varme kjensler, noko som blir forsterka gjennom hjartesymbolet som vi finn fleire stader.

Bøkene opnar for samtalar med rom for både skjemt og alvor, latter og undring, og passar fint for dei yngste barna.

Utdrag frå boka

Kategoriar

Fleire boktips

3–6
0–3
3–6
3–6