Elizabeth Baguley og Marion Lindsay: Klar, ferdig, spøk!

Skriven av Elizabeth Baguley og illustrert av Marion Lindsay.

Omsett frå engelsk av Ragnar Hovland og Erle Stokke.

Det norske samlaget 2011

Denne biletboka fortel historia om det vesle spøkjelset Børre. Han er av det engstelege slaget, og han kjenner seg for liten til å spøkje på store stader. Den store draumen til Børre er å finne eit lite, koseleg hus å spøkje i. Finn han det, skal tru?

Vi får følgje Børre på jakt etter ein eigna arbeidsstad, og vegen mot lykka går gjennom ein mørk skog med mange farar. Ved hjelp av repetisjonar og ein effektiv bruk av sidevending, byggjer forfattar og illustratør ein spennande dramaturgi: Kvar gong Børre trur at han ser eit lite hus, er det i staden noko skummelt i vente. Eg tek med eit lite døme som syner korleis forteljinga blir formidla. Dette er henta frå starten av boka:

Børre kraup lenger inn i skogen. Den var mørkare enn mørk og audare enn aud. «Eg liker meg ikkje her», klynka Børre. «Eg må finne eit hyggeleg hus å spøke i, eit koseleg og lite hus!» To lys skein i mørkret. «Vindauge», sa Børre og skunda seg mot dei, «i eit lite hus.» Så blenkte lysa. «Skumle-meg, skrem-meg!», sa Børre. «Det er ikkje vindauge i det heile, men auga til ein stor sluke-meg …»

Ja, kva er det auga til? Teksten stoppar her, og lesaren må så bla om for å få vite kva det er som gøymer seg i skogen. Det er ein ULV! Børre gøymer seg, og slepp unna ulven. Spenninga byggjer seg opp på nytt, og Børre blir skremt av både ein slange og ein drake, før han kjem til eit stort slott. Kan det vere ein eigna arbeidsstad for han som er så liten?

Som sagt fungerer samspelet mellom tekst og bilete svært godt for å byggje opp spenninga i boka, og både tekst og bilete har gode kvalitetar kvar for seg. Illustrasjonane er originale, og det er særleg bruken av fargar som fascinerer. I skogen er landskapet svart og blått, med gule, raude og oransje fargar på alt som er farleg, til dømes den fæle slangen. Men når Børre kjem inn i varmen, både konkret og metaforisk, er alle fargane lyse og varme, i raude og gule nyansar. Kontrasten er verknadsfull. Teksten har mange artige formuleringar som blir repeterte, til dømes: «Skumle-meg, skrem-meg!», som er Børre sitt utrop når noko skummelt er på ferde.

Eg kan røpe at Børre finn ein perfekt residens for si utøving av yrket som husspøkjelse. Inne i slottet, oppe på roteloftet, er det eit lite dukke-slott, der det bur ei bittelita prinsesse og ein bitteliten prins. Dei synest at Børre er skikkelig skummel, og vil gjerne ha han til å spøkje hos seg. For ei lykke for det vesle spøkjelset Børre!

Boka legg opp til å bli lesen med vekt på å byggje opp spenninga mellom oppslaga. Når ein har lese boka nokre gonger for barn, vil dei nok hugse kva som løyner seg på neste side, og det kan vere spennande å sitje og vente på at den vaksne blar om. Boka eignar seg veldig fint i barnehagen, og ho kan òg passe for barn som har knekt lesekoden og ønskjer å lese sjølve.