Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Anna R. Folkestad: Henrik And

Opplegg til boka:
Aktivitets- og fargeleggingsark – på denne sida finn de mellom anna aktivitetsark til Henrik And.

«Dette er Henrik And. Ei heilt vanleg and med ein heilt vanleg draum. Han vil vera noko anna.» Slik opnar debutant Anna R. Folkestad biletboka om Henrik And, saman med eit bilete av Henrik i ein litt tafatt og oppgitt positur. Så byrjar Henrik å tenkje: «kva skulle han vera?» Og han kjem med mange framlegg – kanskje ein katt, ein hund, ein sjiraff eller ein mark?

Det er tankebileta til Henrik som gjer denne boka til ei verkeleg perle. Kvar gong Henrik tenkjer seg at han er eit anna dyr, blir han delvis, men ikkje heilt, forandra til akkurat det dyret i illustrasjonane. Folkestad lagar nokre fantastiske krysningar mellom anda og dei andre. Det er lett å sjå at Henrik har blitt ei flaggermus, sjølv om han framleis har nebb og andefargar, for no ser han farleg ut, med spisse tenner og flaggermusøyre, og han heng etter symjeføtene sine frå taket i ei hole. Kollasjane er dessutan fulle av små detaljar, som ein kanskje ikkje får auge på før ein har lese både ein og to gonger.

Teksten er enkel og forma som ei regle. Den same formelen gjentek seg frå side til side. Først tenkjer Henrik And på kva dyr han kan bli: «Kanskje ein hamster? Hamsterar kosar seg i bolet heile dagen. Og dei er kjempegode til å gnaga med dei kvasse tennene sine. Men …» Så kjem han på kvifor han helst ikkje vil vere akkurat det dyret: «Hamsteren spring og spring i hjulet utan å koma av flekken. Tenk om han aldri fekk sjå anna enn buret! Å nei! Det vil han IKKJE! Då vil han heller vera noko anna. Eit dyr som kan sjå langt.» Og så får vi eit nytt dyr.

Henrik And er eit dikt for dei minste. Om kor viktig det er å vere nøgd med seg sjølv. For når det kjem til stykket, kva vil Henrik And vere? «ei heilt vanleg and, og gjera heilt vanlege ting. Heilt andre ting enn dei andre dyra gjer.»

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

3–6
Frost
3–6
3–6
9–12