Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Sylvi Storhaug: Jenta frå havet

ISBN: 9788230009949

Utgjevar: Kolofon Forlag

Jenta frå havet er forfattaren sine barndomsminne frå tidlege år. Den gongen livet var undring og leik, og havet var ein ven som stadig endra seg og overraska. Boka er også ei kjærleikserklæring til havet, og til ein bestefar som gav tryggleik og kjærleik utan grenser. Sylvi Storhaug er fødd i 1947 og vaks opp i eit lite øysamfunn i Sunnfjord. Ho har lang erfaring som spesialpedagog, både blant døve born og born med andre behov. No er ho pensjonist og bestemor til tre. Det kjekkaste ho veit er å lese høgt for born og å fortelje historier til dei.

Fleire boktips

3–6
Frost
3–6
3–6
3–6