Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Fabrizio Silei: Rosas buss

Opplegg til boka:
Bok i bruk: Rosas buss (5.–7. trinn)

Ill.: Maurizio A.C. Quarello
Til norsk ved Guri Vesaas

«Dette er ei strålande forteljing, og å kjenne denne forteljinga gjer oss godt. Ho hjelper oss til å sjå framover, ho hjelper oss til, når stunda krev det, å ikkje vende blikket bort.» Slik skriv Christine Weise, president i den italienske seksjonen av Amnesty International om boka Rosas buss. Biletboka fortel historia om den modige Rosa Parks som ein desemberdag i 1964 nekta å reise seg frå bussetet for å gi plass til ein lyshuda amerikanar.

Berre gjennom å kjenne historia kan ein unngå å gjere dei store feilstega ein gong til. Dette utgangspunktet er motivasjonen Fabrizio Silei har for å skrive for barn om menneskerettar. Den italienske barnebokforfattaren har gjort det til eit spesiale å skrive skjønnlitterære forteljingar om rasisme og diskriminering. Han har vore nominert til Unicef-prisen for dette viktige arbeidet og er no for første gong omsett til norsk.

«Det er ein buss som passerer gjennom livet til kvar og ein av oss. Du må halde auga opne og ikkje miste din.» Slik snakkar bestefaren til Ben til barnebarnet sitt denne dagen då dei reiser saman til Detroit for å besøkje Henry Ford-museet. Snart finn dei den gule bussen med Rosa sitt sete, setet ho nekta å reise seg frå. Rosa vart arrestert og mista arbeidet sitt, men motet hennar sette mot i fleire. Dei slutta rett og slett å ta bussen! Dei gjekk, sykla, reid på esel, heiv seg på eit lasteplan. Dei tok berre ikkje bussen! Transportselskapet heldt på å gå konkurs, mange sjåførar miste jobben. I 1965 vedtok høgsterett at raseskilje på offentlege transportmiddel var imot Grunnlova.

Boka er illustrert av Maurizio A.C. Quarello. «Illustrasjonane er inspirerte av Edward Hoppers måleri og tilfører amerikansk koloritt og dokumenterande preg», skreiv Ingeborg Mjør om boka i Dag og Tid. Omsetjinga til nynorsk er ved Guri Vesaas. –Forfattaren går rett inn i det som hende, han fortel nokså nake, seier ho og forklarar vidare:
– Han målar det ikkje ut, men desto djupare inntrykk gjer det. Det er ein effektiv og svært viktig tekst.

I lys av dei fryktelege hendingane 22. juli vert denne forteljinga særleg relevant. Rasismen er levande og kampen for solidaritet og likeverd må halde fram. Historia kan også lesast som ei oppmoding om å stå opp for seg sjølv, setje grenser og kjempe for rettane sine på eit personleg plan. Om å ha rett og mot til å seie «nei». Om å ikkje miste sin eigen buss.

Fleire boktips

6–9
9–12
9–12
9–12