Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Erna Osland: Når du går på ei bru

Illustrasjon: Espen Friberg
Foto: Hans Petter Martinussen
Mangschou

Når Erna Osland skriv fagbøker for barn, er ho uslåeleg. Ho er pedagogisk, systematisk og påliteleg, slik ein fagbokforfattar skal vere. Samstundes er ho morosam, assosiativ og skjønnlitterær i tilnærminga si. Det gjer fagbøkene hennar til tverrfagleg og underhaldande lesing.

Denne gongen har ho skrive ei bok om bruer. I Når du går på ei bru kan vi sjølvsagt lese om fysikk, ingeniørkunst og prosjektleiing, men også om rekordar, kommunepolitikk, historikk og lingvistikk. Her er det noko for den som vil vite nøyaktig korleis spennbetong fungerer, men også for den som interesserer seg for historia bak dei ulike brunamna, eller dei som ganske enkelt vil ha ei bru bygd.

Osland avsluttar i kjend stil, med brua som metafor:

Det finst bruer som er usynlege!
Like fullt er dei viktige byggverk. Dei er nemleg bygde for vennskap. Forma av klokskap og kløkt. Mens materialet er tankar og ord.
Og brubyggjarane?
Det er dei som brukar dei. For berre den som sjølv er med og byggjer, kan ta seg fram på dei viktige vennskapsbruene

Sjølv byggjer Osland bru mellom ulike fagområde med boka si, og ho byggjer bru til lesarane sine. Ho er ingeniør og snikkar, medan illustratør Espen Friberg er montør og fotograf Hans Petter Martinussen er målar. Når du går på ei bru er ei bru du bør prøve.

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
3–6