Bente Bratlund: Hanna & Emma (bok 1, 2 og 3)

Bente Bratlund har nett gjeve ut den tredje boka i serien om veninnene Hanna og Emma. Alle bøkene er lettlesne to-i-ei-bøker, og dei smittar med sitt positive vesen og allmenne relasjonstematikk.

I den første boka i serien, Eg spør / Eg tør, møter vi bestevenene Hanna og Emma. Det handlar om nær venskap, og ikkje minst om korleis Hanna på eitt blunk går frå deprimerande avslag på grått papir (frå Marius) til jubel og sin første kjærast (Sjur). For ein kjærast er noko alle veninnene har, og er vel noko ein berre må skaffe seg først som sist – eller?

Alle bøkene er bygde opp slik at der er ein innleiande mangel som må ordnast opp i, at noko først går skeis og står på spel. I den andre boka, Operasjon hemmeleg / Slange i paradis, har Hanna og Emma ein hemmeleg plan om å spleise mor til Hanna og kjærasten hennar sin far (som begge er single) – ein plan som går i vasken. Men dette får positive følgjer for tanta til Hanna, som òg var singel …

Den felles sydenferien til Hanna og Sjur sin familie begynner heller ikkje godt, då ho opplever at Sjur overser henne heilt då han med eitt får seg ein ny leikekamerat der nede. Kanskje er det ei nesten-drukningsulukke som skal til før Sjur skjønar kor mykje han set pris på Hanna?

I bok nummer tre, Berre vener / Listig plan, har Sjur slått opp med Hanna (fordi dei har vore for lenge i lag!). Korleis skal ho kome over kjærleikssorga? Her spelar tanta ei viktig rolle som rådgjevar.

Bratland syner fram fleire typar relasjonar i desse bøkene: Den mellom gode veninner som alltid stiller opp for kvarandre, mellom usikre kjærastar, mellom unge jenter og mødrene/fedrane deira, og mellom rivaliserande veninnegjengar som ein skal hemne seg på. Det siste er handlinga i den siste forteljinga i serien, og viser fram Hanna som ei kompleks jente med både bein i nasen og stort hjarte.

Det er mykje som står på spel for Hanna her, og den unge lesaren (8–12) kjenner nok identifikasjonen på kroppen i mange av scenene som spelar seg ut. Bra er det då at flokane som regel vert børsta ut til slutt, eller at ein seier seg nøgd med det ein har (til dømes ei fin åleinemor eller ei god veninne).