J.R.R. Tolkien: Hobbiten

Medan mange går og ventar på filmatiseringa av Hobbiten, Tolkien-klassikaren frå 1937, kan det høva å minna om at boka kom ut på nynorsk for nokre år sidan. Eilev Groven Myhren, som fekk Nynorsk litteraturpris 2007 for omsetjinga si av Ringdrotten (The Lord of the Rings), har omsett boka til eit rikt nynorsk. Til liks med slik han gjorde det med Ringdrotten, let Myhren ulike folkeslag tala ulike nynorsknormalar, medan hobbitane talar halling.

På sida til Tiden kan de lesa ein smakebit frå boka.