Hans Sande: Lars på Mars

Lars pa mars_Cover4–7 år

Teikningar: Eivind Gulliksen

Lars på Mars er ei lettlesbok for den som likar herjing, slim og gugge.

Det skulle vore mange fleire lettlesbøker på nynorsk, men her er i alle fall ei. Lars på Mars handlar om Lars som skal laga fromasj saman med mamma og pappa, men så søler han med egga og det vert kjefting. Då stikk heller Lars av til Mars i romskipet sitt.

Lars på Mars er i Løveunge-serien til Cappelen Damm, noko som inneber at det er store bokstavar og maks ei setning på kvar side. Det gjer boka overkomeleg for den som held på å koma inn i lesinga og treng å møta ord og setningar som let seg lesa der ein er, sånn at ein ser at ein kan faktisk lesa litt! Dessutan fyller dei viltre teikningane heile sidene og gjev rom for meddikting ut over det som står med bokstavar. Så dette er ikkje berre ei treningsbok, altså.

Situasjonane i boka og replikkane er attkjennelege og tullete på ein gong. Det at lesaren skjønar sånn cirka kva som kjem til å skje og kva replikkar som kan koma er òg noko som lettar lesinga. På oppslaget der me ser at egget er knust og mor og far er sinte, ropar pappa «fy, Lars!» og mamma «Alltid må du søle». På neste oppslag som syner Lars medan han tørkar opp, står det «Pappa er dum, Mamma er sur». På den måten vert den underliggjande kjennskapen me alle har til korleis slike situasjonar utviklar seg ein umedviten førleseressurs hjå den som skal lesa.

Likevel, om alt berre utviklar seg etter opplagde liner vert det lett keisamt. Men forfattaren Hans Sande er ikkje Hans Sande for ingenting. Han let ofte bøkene sine starta i den vanlege kvardagen for så å skjera ut i noko ingen heilt kunne sjå føre seg, som i biletboka Pappa er sjørøvar. Det fantastiske elementet i Lars på Mars er livet på planeten Mars. Der finst det nemleg nokre ganske gufne vesen som heiter marsgrisar …