Ruth Lillegraven og Inger Landsem: Mari og Magnus og smokketjuven

Mari og Magnus og smokketjuven

Boka Mari og Magnus og smokketjuven er mest å rekne som ei aldri så lita kriminalroman for born. Frå dei eldste borna i barnehagen sin ståstad er smokk berre så teit, og det er akkurat denne målgruppa bøkene rettar seg mot.

Mari og Magnus ser etter småungane.
– Æsj, smokk er berre SÅ teit, seier Mari.
– Kjempeteit, seier Magnus, og ristar på hovudet.

Saman med Jonas tek dei to hovudpersonane fatt på oppdraget: Å avsløre kven som har stukke av med sovesmokkane til smårollingane. Dei leitar utan resultat i avfallskonteinarane, i vedskjulet og i garderobekorgene, før dei bestemmer seg for å spionere – også det utan hell. Og når interessa så tek slutt, tek leiken over. Men kven er det Mari oppdagar inne i leikehytta med ein heil haug smokkar? Her er det potensielt peikande små hikst frå lesekroken.

For det er jo ikkje akkurat sånn at det alltid er så lett å slutte med smokk, sjølv om ein er for gammal til småbarnsavdelinga, eller kva?

Svaret overraskar ikkje den vaksne formidlaren, men truleg tilhøyrarane, og identifikasjonen kring dei manglande smokkane tilfører den moralske ekstradimensjonen som nok gir detektivhistoria den same spaningseffekten på dei unge lesarane som foreldra får av ei gjennomsnittleg bra Agatha Christie-bok.

Utdrag frå boka: