Helge Torvund og Mari Kanstad Johnsen: Vivaldi

«Ho er ikkje bare Tyra lenger. Ho er Tyra og katten», står det på innsida av permane i denne boka. Og det utgjer heile skilnaden.

Boka opnar med ei teikning av varmen inni alle husa, og Tyra og katten saman inni sitt varme hus i natta. Så får me høyra om katten, og om då Tyra fekk katten, og om då ho gjev han namnet Vivaldi. Så får me i glimt skildringar av korleis skuledagen til Tyra er: Dei andre ungane i klassen driv ei systematisk utestenging, og Tyra har slutta å snakka alle andre stader enn heime.

Det finst mange einsame barn i litteraturen, og Tyra er eitt av desse. Noko av det som gjer boka om Tyra spesiell, er at i staden for å måla ut og gni inn den triste lagnaden til Tyra, er det som om boka, av omtanke eller respekt for Tyra, heller ventar til ho sjølv er klar til å fortelja korleis det er. Og det å vera Tyra og katten i staden for berre Tyra, er noko som gjer det mogleg. Boka endar då også fyrst og fremst med håp, og ikkje med at alle i klassen plutseleg vert snille.

Dette er inga bok for skulestartarar. Men for dei som har gått på skulen nokre år og veit korleis det er, anten ein er barn, ungdom eller vaksen, er det ei bok å vera i – mykje på grunn av det at ho er gjennomillustrert. Boka vert ei eiga verd, som er Tyra si, og som ein vert invitert med inn i. Det er ei bok ein kan kjenna seg att i eller erfara noko nytt i, ei bok ein kan ha ein samtale med. Og for den som treng det, er det ei bok som formidlar håp om at ting kan verta annleis.