Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Kalle Güettler, Rakel Helmsdal og Áslaug Jónsdóttir: Monsterpest & Monster i mørket

Dei som vart kjende med Storemonster og Veslemonster i Nei! Sa Veslemonster og Store monster græt ikkje kan gle seg til meir monstermoro med to nye bøker om dei to venene.

I Monsterpest har Storemonster fått monsterpest, og Veslemonster kjem på besøk for å hjelpa: «Det er verkeleg ikkje lett, for Storemonster vil berre syte og klage. Snart orkar ikkje Veslemonster meir …» står det på vaskesetelen. Kva som skjer når Veslemonster ikkje orkar meir, må du lesa sjølv for å finna ut.

I Monster i mørket handlar det om å vera redd:

– Du er vel ikkje redd for noko, du, Storemonster?

– Nei, eg er aldri redd, seier Storemonster. Så høyrest brått eit brak utanfor glaset …

Sjølv om Veslemonster og Storemonster er monster, er dei som oss på alle andre vis, kanskje berre litt meir barnslege og tullete, litt som Fantorangen, slik at det er lett for ein lesar å kjenna seg smart og ovanpå. Bøkene har ganske lite tekst og veldig mykje livlege illustrasjonar, som får tydeleg fram både korleis dei to monstera har det: om dei er glade, redde, sinte, triste eller sjuke med raude prikkar, og kva dei held på med. Det gjer at det er mykje å snakka om på kvart oppslag.

Bøkene handlar om kvardagslege ting, som det å vera heime åleine (eller med ein ven!) og verta mørkredd, eller å vera sjuk og få ein ven på besøk. Situasjonane er lett attkjennelege frå kvardagen, medan hovudpersonane, monstera, er litt utanom det vanlege.

At kjende og viktige erfaringar som det å vera sjuk og å vera redd vert gjevne form av fiktive, men likevel attkjennelege skapnader som monster, gjev både den nødvendige nærleiken og den frigjerande avstanden, som gjer at ein kan snakka om det skumle utan å måtta gå heilt inn i det sjølv. Denne tradisjonelle miksen av kjend og ukjend gjer at desse bøkene kan vera forståelege og meiningsfulle for to-tre-åringen.

Samstundes er monster også interessante for større ungar, og den konfliktfylte, men kjærlege venskapen mellom dei to monstertypane er råd å kjenna seg att i for nokon kvar. Det er lite skrift på kvar side, og viktige ord vert utheva med store monsterbokstavar. Mykje av historia vert fortald gjennom illustrasjonane, og skrifta fungerer ofte meir som utfylling. Dette gjer at boka gjev mykje att for lesearbeidet til den som nettopp har lært å lesa litt sjølv.

Kategoriar

Fleire boktips

3–6
Frost
3–6
3–6
3–6