Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

ÜberMaritimt

Redaktør: Are Edvardsen

Det er i ferd med å gro opp ein underskog av nynorske teikneserieskaparar. I antologien ÜberMaritimt møter me nokre av desse, side om side med bokmålsskrivande kollegaer.

Temaet for antologien er havet, og 16 serieskaparar har delteke. At havet set i gang fantasien veit me, som har ein eventyrkultur som har gjeve oss Den flygande Hollender, Draugen, Den vesle havfrua og Ruffen. Slik er det òg i denne antologien, her møter me eit vell av skumle vesen frå sjøen.

Seriane i ÜberMaritimt har mange referansar til fantasy- og spelkultur: her dukkar både Gollum og Cthulhu-monster opp i rutene. Dei dreg vekslar på fiskehistorier, skrøner og fantastiske forteljingar, og kvardagsrealisme er det lite av. Såleis vender kanskje antologien seg mest til dei som deler fantasy- og spel-interessa – men dét er etter kvart ganske mange.

Seriane er for det meste flott teikna, og teiknegleda syner att i dei mange fantastiske sjøskapnadene. Fantasien er kanskje større når det gjeld teikning enn når det gjeld historiesnikring i antologien – sjølv om det er nokre gode unntak der alt klaffar. Det formelmessige i nokre av historiene heng truleg saman med temaet – når ein let seg inspirera av sjøsegner og -eventyr vert det lett til at ein repeterer vanlege eventyrelement. Og teiknar spektakulære sjømonster-splatter-avslutningar. Men monster er jo gøy, då.

Om lag halvparten av seriane er på nynorsk, og bak desse står serieskaparane Stig Bruksås, Jorunn Hanto-Haugse, Katarina Aasgaard Strømsvåg, Johann Grimstvedt, Gard Helset og Zola Paulse, og Are Edvardsen. Fleire av dei har publisert seriar andre stader, medan andre er mindre etablerte. Hanto-Haugse bidreg med ei kosteleg historie om Sam og Gollum som tv-kokkar. Katarina Aasgaard Strømsvåg har ei flott teikna fiskehistorie med ein ny vri, og med ein nesten filmatisk dynamikk mellom rutene. Elles inneheld dei fleste seriane skrekk og splatter, og det er det betre å sjå sjølv enn å lesa om.

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
ungdomsbøker