Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Kenneth Steven og Øyvind Torseter: Historia om korleis hunden fekk våt snute

Historia om korleis hunden fekk våt snuteHistoria om korleis hunden fekk våt snute, med tekst av Kenneth Steven og teikningar av Øyvind Torseter, er ei humoristisk katastrofe-forteljing med form som ein fabel. Korleis kan det ha seg at hunden sin snute alltid er våt og kald? Jau, det skal vi snart få vite!

Det var nemleg slik at då Noah la ut på den store reisa i arka si etter syndfloda samla han saman ei hoe og ein hanne av alle dyr som fanst. Til slutt kom hunden til Noah labbande, han var ei slik uvanlig blanding. Det var umogleg å vite kva type hund han var. Men snuten såg stor og svart og mjuk ut, det var sikkert og visst. Etter tjue dagar og tjue netter spring arka lekk, og Noah brukar hundesnuten som «plugg» i det vesle holet. Etter nye tjue dagar og tjue netter har havet piska over snuten like lenge, så då dei endeleg når land og reisa er over slepp hunden å reise til sjøs fleire gonger. Men hundesnuten vil for all framtid vere våt og kald!

Øyvind Torseter ser ut til å vere i sitt rette element i den store livbåten ute på havet, oppslaga er fulle av vittige og vitale skildringar av dyra og hendingane i arka, langt fleire enn vi finn i teksten. Teikningane hans inkluderer også tekstelement og ber fleire av oppslaga aleine. Desse tekstelementa ligg som replikkar i tekstbobler eller som dyrelydar kring om. Dei er lette å lære seg utanåt og vil vere fine å bruke for å inkludere den gryande barnelesaren i med-lesinga saman med den vaksne formidlaren. Ikonoteksten vil også utvide seg for kvar gjennomlesing fordi teikningane forar forteljinga med fleire og fleire hendingar. Ein skal lese mange, mange gonger før ein har sett alt!

«Noa har blitt ein slags øko-hippie med hettegenser, skjegg og praktiske gummistøvlar. Han finn heilt på eiga hand ut at ein diger båt er ein god ide i tider med uvanleg mykje nedbør», skriv nominasjonsjuryen for kritikarprisen i grunngjevinga si. Gud er dermed fråverande i forteljinga, men interteksten alluderer sjølvsagt til Bibelen. Mange vil truleg velje å inkludere meir av denne konteksten i si eiga lesing av historia enn det som faktisk er der.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

3–6
Frost
3–6
3–6
3–6