Barnas eiga aktivitetsbok

Utval og redigering ved Nana Rise-Lynum og Erle Stokke

Har du lett for å kjede deg? Likar du rare fakta? Likar du å vere litt rampete, men manglar idear? Då er Barnas eiga aktivitetsbok noko for deg.

Boka inneheld eit utval av aktivitetar og oppgåver henta frå Norsk Barneblad dei siste ti åra. Her kan ein la seg inspirere til leik og moro både ute og inne, trimme hjernen med detektivgåter og quizar, eller la kreativiteten få utløp med saks og papir eller kjevle og kakeformer. Ein kan lære nye interessante fakta, til dømes at fuglar ikkje sveittar og at ein kamel har tre sett med augnelok, eller ein kan lese seg opp på siste nytt innan rampestrekar.

Dette er ei bok for dagar då energien er større enn fantasien. Her er det variasjon nok til å la seg aktivisere nesten uansett humør og dagsform. Nokre av aktivitetane passar best å gjere saman med andre, til dømes dei mange kjekke ute-leikane, medan andre, hjernetrimmen til dømes, kan vere kjekke å ha når ein ikkje har nokon å leike med. Boka passar for barn i alle aldrar, men målgruppa er nok barn i barneskulealder.