Oddvør Johansen og Janus á Húsagarði: Den kloke EA

Den-kloke-eaISBN: 9788292920381

Utgjevar: Bokbyen Forlag AS

Ei sann historie frå den færøyske øya Hestur. Sjarmerande bok for barn 3–7 år av Oddvør Johansen, fleire gonger nominert til Nordisk Råds litteraturpris og den færøyske bildekunstaren Janus á Húsagarði. Lars Moa har omsett teksten. Det handlar om fugl, oljesøl – og om ei snill og klok bestemor. Ei perfekt bok for høgtlesing, og som utgangspunkt for samtalar om respekt for livet, for naturen og kor viktig det er å hjelpe til. Ærfuglane Eva og Erling er trulova. Men før dei skal bygge reir kjem dei i store vanskar. Heldigvis er det ei bestemor som kjem til hjelp i denne sanne historia frå Hestur på Færøyane: Dei fer springande av stad nedover til sjøen der dei dykkar. Plask! Dei finn seg smådyr å ete og blir mette. Mange takk! Og no er dei trulova og fortel alle dei andre ærfuglane at når det blir vår, tenker dei seg å få to ungar, kanskje fire.