Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Tor Arve Røssland: Svarte-Mathilda II

Svarte-Mathilda IIDei som likte den første boka om «Svarte-Mathilda» frå 2010, må få med seg oppfølgjaren. Svarte-Mathilda II kom no i haust, og Tor Arve Røssland leverer varene denne gongen òg. Her er blod, drap og redslar så det held – alt i eit lettfatteleg og drivande språk.

Då førre boka slutta, trudde Elisabeth at ho hadde fanga Svarte-Mathilda i ein medaljong, og at ho skulle sleppe å sjå fleire skrømt. Det var det mange lesarar som håpa at ho ikkje skulle få rett i. Ungdommane som anbefalte og melde boka til Uprisen i 2011 ønskte seg både film og fleire bøker. Filmen har ikkje kome, men til gjengjeld kjem det meir enn ein oppfølgjar. Røssland lover at Svarte-Mathilda III er like om hjørnet, og Elisabeth må nok hanskast med skrømta sine ei god stund til – til hennar fortviling, og frydefulle grøss frå lesarane.

Denne gongen drar Elisabeth til Italia på språkskule saman med venninna Gry, og i den italienske vertsfamilien har det skjedd ein tragedie. Elisabeth er sjølvsagt utvald til å hjelpe. Familietragedien er den einaste av handlingstrådane som ikkje strekker seg ut av bok nummer ein eller inn i bok nummer tre. Resten av boka dreiar rundt kva som kan ha skjedd med venen hennar Philip då han forsvann i førre boka, om Svarte-Mathilda og korleis Elisabeth skal klare å nedkjempe dette farlege vesenet i spegelen ein gong for alle.

Svarte-Mathilda II er ei typisk mellombok, og bør lesast saman med dei to andre. Ho vidarefører det skremmande og ubehagelege mysteriet frå bok nummer ein, ho byggjer ut det universet vi har blitt kjende med, med nye gåter og nye personar, og mykje av handlinga peiker framover mot den avsluttande boka i trilogien. For det viser seg at det skjuler seg noko endå verre og eldre bak Svarte-Mathilda, og i neste bok skal vi heilt tilbake til Venezia i 1518 for å finne ut kva det er.

Det er skrekkeleg mange lause trådar når Svarte-Mathilda II sluttar. For dei utolmodige er det godt å vite at slutten på forteljinga allereie er ferdigskriven, og at forlaget snart skal sleppe han ut i verda.

Boka finst òg som digital lydbok.

Fleire boktips

ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12
9–12