Terje Torkildsen: Dystopia IV

DystopiaIVFrå 13 år og oppover

I den fjerde og siste boka i Dystopia-serien til Torkildsen har dei fire overlevande ungdomane kome seg bort frå dei flaumråka katastrofeområda. Vegen heim til Noreg vert likevel lang og farefull, og dei fire får oppleva at problema med å vera flyktningar ikkje vert mindre når dei kjem fram til sivilisasjonen. For framleis står både diplomatiske konfliktar og passproblem i vegen for dei.

Storparten av handlinga går denne gongen føre seg i Berlin, og litt historisk bakgrunnskunnskap om byen er det vorte plass til innimellom all dramatikken. Men Torkildsen skriv som vanleg drivande og utan daudkjøt; det er ikkje utan grunn at han har vunne Uprisen to gonger, sist gong for Dystopia III.

Les utdrag frå boka: