Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Lena og Olof Landström: Pom og Pim

Pom og PimFrå 2 år og oppover

Tekst: Lena Landström
Illustrasjon: Olof Landström
Omsett av: Ragnar Hovland
Det Norske Samlaget

Lena og Olof Landström er skaparane bak ein av mine TV-favorittar: Kalles klatretre. Ein fantastisk animasjonsserie produsert for svensk TV på 70-talet og send i eit utal reprisar på norsk TV utover 80- og 90-talet. Dette svenske ekteparet er meistrar i klok naivitet.

Meisterskapen har dei også brukt i småbarnsserien om dei to sauane Bø og bæ, og i bøkene om Stian. Alle utgitt på Det Norske Samlaget. I fjor laga dei to nye figurar for dei aller minste, Pom og Pim, og den fyste boka om dei har nett kome på norsk.

Pom og Pim er ei lita kvardagsforteljing om Pom og kosedyret Pim som tar seg ein tur ut og blir utsette for ei rekke små uhell. Dei snublar i ein stein, dei får vondt i magen av ein is, dei sprekker ein ballong. Alle uhella snur seg til hell, og vêret rammar inn handlinga. I starten er det flaks at sola skin, i slutten er det flaks at regnet høljar ned. Vi har sett forteljinga før, i ulike variantar, til dømes i Det var flaks! Det var synd! av Thomas Halling, men det tar ikkje vekk noko av sjarmen.

Forteljinga er ein god samtalestartar, for det merkelege i at noko som først var flaks kan bli til uflaks, og omvendt, er gøy å prate om. Boka er derfor på nivået over peikeboka. Her er korte setningar i staden for einskilde ord, og ei samanhengande forteljing i staden for tematiske bilete.

Dei to figurane er enkle og utrykksfulle. Omgivnadane deira minimale og tydelege. Det er enkelt for ungane å kjenne seg og verda igjen i bileta. Pom er ein figur som kan vere både jente og gut, alt etter kven lesaren er. Stadene Pom og Pim leiker kan vere kvar som helst, og lesaren kan fylle inn sitt eige hus, sin eigen kiosk og sin eigen søledam. Slik held boka på ein av dei kvalitetane ei god peikebok har – ho kan gjerast heilt personleg.

Kategoriar

Fleire boktips

3–6
0–3
3–6
3–6