Lene Kaaberbøl: Viridians blod

villheks 2 omslag.inddFrå 10 år og oppover

Andre bok i Lene Kaaberbøls villheksserie, Viridians blod, er minst like fengjande som den første, og er midt i blinken for lesehestar på mellomtrinnet og på ungdomstrinnet.

Danske Kaaberbøls villheksserie er allereie ein massiv salssuksess og er omsett til fleire språk. Med fleire millionar selde bøker, treng ho knappast ein introduksjon, særleg etter skammarserien, som kom ut for nokre år sidan. Med denne villheksserien skil Kaaberbøl seg positivt ut frå mange andre stereotype fantasyforfattarar ved å streke under at vi må bli flinkare til å forstå og lytte til naturen og dyra rundt oss. Det var denne bodskapen som den første boka i serien begynte å meisle inn, og i oppfølgjaren Viridians blod spelar dyra igjen ei viktig rolle.

Historia er ikkje veldig komplisert, men likevel spanande: Clara vert lokka i ei felle av Kimæra, som har utspekulerte og maktsjuke planar. Kyniske Kimæra har brote med heksefelleskapen sine levereglar, og er alles fiende, også dyras. Med seg på den farlege reisa har Clara ein klassekompis. Heldigvis har han ikkje rolla som reddande erkeengel eller meiningsskapande kjærast. Clara klarer brasane heilt sjølv, denne gongen fordi ho har Viridians blod i årene. Viridians blod, seier du? Det må du lese boka for å finne ut kva er …

Dei som har lese den første boka veit at Clara lever sitt vanlege liv i den vanlege verda som ei grå mus. Nesten ingen der veit at heltinna har hekseblod og unaturlege evner, og at ho òg har eitt bein i det magiske hekseuniverset, der tanta Isa også held til. Desse evnene vert berre meir og meir tydelege. Når heltinna i denne andre boka i serien blir nøydd til å ta opp att kampen mot dei vonde vengeslaga til heksa Kimæra, tek ho samstundes eitt steg lenger inn i rolla som villheks – til moras fortviling.

Det litterære universet vart grundig skildra i første boka i serien, så no handlar det mest om å la Clara flykte frå den trauste kvardagen, og reise på dei såkalla villvegane – ei reise vi meir enn gjerne blir med på – også i neste bok i serien.

For her er fleire ferdigskrivne bøker som berre ventar å bli sette om frå dansk, noko den eminente språktrollmannen Øystein Rosse nok tek på strak arm.