Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Überviking

UbervikingFrå 16 år og oppover

Redaktør: Are Edvardsen

Det vesle forlaget Überpress er no ute med den tredje teikneserieantologien sin. Denne gongen er temaet vikingar, og seksten norske serieskaparar har tolka temaet på kvart sitt vis. Her er alt frå blodig alvor til reinspikka tull og tøys. I tillegg til vikingar av det tradisjonelle slaget, møter me til dømes lemen-vikingar, privatdetektiv-vikingar og vikingar som rotar seg inn i japansk populærkultur.

Überpress har med antologiane sine greidd å leita fram spanande teikneserietalent frå den norske underskogen, og det er opplyftande å sjå korleis det spirer og gror. Dette tredje heftet er det tjukkaste og beste til no, og ekstra gledeleg er det dessutan at meir enn to tredelar av antologien er på nynorsk denne gongen.

Les ein serie frå heftet på teikneseriesida til Nynorsksenteret.

Heftet er på 94 sider, og kan kjøpast i teikneseriebutikkar eller frå bestilling@uberpress.no.

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker