Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Marcus Sauermann og Uwe Heidschötter: Når mamma blir eit monster

Når mamma blir eit monsterFortellerforlaget 2013
Omsett av Runar Dahle

Når mamma har vorte eit monster er det mykje som forandrar seg. Det er kanskje lett å vinne over monster i fotball, og ein får oftare godteri i butikken. Andre dagar må det triste monsteret få ekstra mange klemmar, og det kryp opp i senga di og snorkar deg i øyret.

Riktig ille kan det bli når eit monster møter eit anna. Då kan dei bli slemme, og heilt gløyme at dei ein gong var glad i kvarandre. Då må du roe dei ned og vise dei at alt er i orden. Sjølv om det slett ikkje stemmer.

Når mamma blir eit monster handlar om korleis eit samlivsbrot kan opplevast både for foreldre og born. Boka handlar også om korleis det kan gå til at monsteret ein gong vert mamma igjen.

Kategoriar

Fleire boktips

3–6
6–9
Frost
3–6
3–6