Erna Osland: Nasevis

NasevisFrå 4 til 12 år

Illustratør: Elisabeth Moseng

– Andingssystemet, har de høyrt om det? Erna Osland smiler lurt til barn og vaksne. – Det handlar om kva som skjer når vi pustar. Vi dreg lufta inn gjennom nasa. Men korleis kjem den seg ut att? – Gjennom munnen? foreslår ei lita jente. – Ja, og gjennom nasa også, nikkar Erna. Og så byrjar ho å fnise: – Og av og til, kviskrar ho, av og til kjem den jo ut att gjennom RUMPA!

Erna Osland har skrive ei ny fagbok for born, denne gongen om nasar. – Eg har skrive om så mange ting no. Eg har skrive om tenner og om bruer og om hår og eg hugsar snart ikkje alt. Hjelp meg, Janne Karin. – Du har skrive om å ha far, svarar eg. Ja, det har eg! Veit de kva ein gut skreiv til meg etterpå? At han hadde verdas beste far! At han var snill og hjelpsam og at han var ein DAMEMAGNET! Erna ler. Ho ler mykje. Det er kjekt å høyre på når ho snakkar, og når ho les.

Det er altså ei fagbok om nasar, om andingssystemet, men med den same skjønnlitterære tilnærminga som Erna Osland etter kvart har etablert som eit varemerke i forfattarskapen sin. Og med den same begeistringa over kunnskapen ho syner fram. – Naseapen, sjå på den! Ho snur boka og vi ser eit digert apefjes med ei stor, raud nase i midten. – Det er om å gjere å ha størst nase, forklarer Erna. Då er du sjefen i flokken og får velje kjærast først.  Ungane ler, dei vaksne ler litt dei òg. Så får vi høyre om makken som har lungene utanpå kroppen, difor må vi ikkje halde den så lenge i handa. Og om kvalen som har den minste nasen, men den aller største kroppen. Og om elefanten, som Erna sjølv likar aller best. – Tenk på alt han kan gjere med nasen sin, smiler ho.

Eg trur liva våre blir betre av kunnskap, seier Erna alvorleg til dei vaksne. Vi blir glade av å vite at saksedyret under blomsterpotta på altanen kan brette vingene sine førti gongar, og at det er difor dei nesten aldri flyg! Det er så mykje styr å brette dei på plass att, fortel ho ivrig. Erna Osland er nemleg i gang med ei ny bok. Om insekt! Ho elskar å skrive, ho vil at alle skal bli glade i å lese. Ho trur at kunnskap er noko vi kan ha glede av å finne fram til i lag, den vaksne som les og barnet som høyrer på. Det var vel ingen av dykk som visste at saksedyret brettar vingene førti gongar? ler Erna. Nei, det visste vi ikkje. Men no veit vi det. Og det gjer oss litt gladare. Det har ho jammen rett i!

Utdrag frå boka: