Helge Torvund og Mari Kanstad Johnsen: The Sudden Cats

The Sudden CatsAlle kan starta garasjeband – og det gjer ikkje noko at morfar blir til ein katt. Det er kanskje moralen i denne leikne og vakre og ganske lange biletboka.

Boka handlar om brørne Tomas og Tore som kjem på besøk til bestefar. Saman dannar dei tre eit garasjerockband, og finalen er når dei spelar på bytedagen i idrettshallen. Mellom starten og finalen somlar og spring forteljinga hit og dit som ein … ja, nesten som ein leiken katt. Me får sjå tekstane til bandet, som til dømes:

Ein for dei mange
To for dei få
Tre for ein reddik
Og gå, katt, gå

Og vidare:

Søppelbilen kom
Og søppelbilen gjekk
Og søppelbilen tok med seg
Ein svarte sekk

Her seier vel melodien seg nesten sjølv, og kva er vel betre enn høgtlesingsbøker der den vaksne også må syngja og opptre som rockestjerne? Kanskje flaut for den vaksne, desto meir stas for ungane.

Innimellom dei raske songane er det også meir ettertenksame parti, som der morfar fortel om korleis det var å vera katt: «Det første eg merka, var at eg berre tok alt heilt roleg. Eg gav liksom katten i alt, forstår du. Eg berre sat der eg sat. Gjekk der eg gjekk. Og så var det akkurat som heile verda hadde blitt litt pelsmjuk.»

Sceneskrekk og handtering av det tek boka også ein sving innom, og også eit forsvinningsnummer og eit hundeåtak.

Boka er nok for lang til å lesast i ein omgang, og ein treng litt tid på kvar side om ein både skal syngja, lesa og gå på oppdagingsferd i bileta. Men porsjonert ut over nokre dagar er dette ei bok med potensiale til å skapa nye garasjeband og musikkprosjekt og undring over korleis det er å vera ein katt og korleis det er å vera menneske.